SPENNANDE PLANAR: Ole Kristian Nedberge ønskjer å byggja luksusrom på toppen av den austre delen av Lærdal Hotell. Foto: Stiv Kuling AS.
SPENNANDE PLANAR: Ole Kristian Nedberge ønskjer å byggja luksusrom på toppen av den austre delen av Lærdal Hotell. Foto: Stiv Kuling AS.

Synte fram luksusplanar for Lærdal Hotell

Eigarane av Lærdal Hotell ønskjer å byggja fire luksessuitar på toppen av Lærdal Hotell. 

Lærdal: Lærdal Hotell går svært godt, kunne Ole Kristian Nedberge og Leif Flemming Bakke fortelja formannskapet i Lærdal. Omsetnaden auka med 15 prosent til 10 millionar kroner i 2015. 

– Me ønskjer eit tilbod som er litt annleis enn fabrikkturismen som er i dag, der gjestene kjem med buss ein dagen og reiser att neste dag. Inn og ut, seier Nedberge.

No ser dei mot Ullensvang Hotell og Hotell Alexandra i Loen.

– Med den moglegheita me har med promotering via internett og elles med reisebyrå, så kunne me tenkja oss å etablera noko mot luksusmarknaden, fortel han.

PRESENTERTE IDEEN: Leif Flemming Bakke og Ole Kristian Nedberge.
PRESENTERTE IDEEN: Leif Flemming Bakke og Ole Kristian Nedberge.

Fem etasjar

Planen er å byggje ein 5. etasje på den austre delen av hotellet. Her skal det bli plass til fire til seks suitar. Dagens reguleringsplan set ein stoppar for desse planane. Difor var dei to på plass i formannskapet for å høyre om det var politisk vilje.

– Me er på idéstadiet her, men viss me kan få til dette og få nokre signal på at det er villige til å handsame ein slik søknad, så må me vurdere å gå vidare, legg Nedberge til.

Positive til ideane

Noko heilt konkret kunne ikkje politikarane seia, men samtlege var positive til ideane.

– Eg har trua, men å gi noko førehandstilsegn på disposisjon kan eg ikkje. Men eg kan ikkje sjå på dette som er utfordring. Kven bryr dette? Det er to hus i nærleiken, så det er få naboar ein ødeleggjer for, seier Trond Øyen Einemo (H). 

– Eg vil seia at dette ser spennande ut. Kvifor berre driva fabrikkturisme? Her strekker ein seg mot ein litt annan marknad, og de må berre jobba vidare med ideen, så skal me handtere den seriøst. Det er ingenting som tilseier at me ikkje skal det, seier Kåre Mentz Lysne (Ap). 

Dersom ein reguleringssøknad kjem på bordet til politikarane relativt raskt, kan ombygginga starte allereie til neste vinter, trur Bakke. Elles må ein vente til vinteren deretter. 

Til toppen