
Årdal: – Det er veldig gøy å byrja året med å gå på ski og å vera i snøen, seier Linnea Seim Lysne (9) frå Bergen.
Ho og den mindre kusina hennar er båe på skitur med bestemor fyrste nyttårsdag.
Linnea går godt på ski, men seier det vert litt lite snø i Bergen, so det er når ho kjem til besteforeldra i Seimsdalen ho verkeleg får teke skia fatt.
– Kvar har du lært å gå på ski?
– Eg trur det var bestemor og bestefar som lærte meg å gå på ski her i Seimsdalen, fortel Linnea.
– Og so har ho ein far som er flink til å gå på ski òg, skyt farmor Kari Lysne inn.

Emely (3) går òg stødig, og ho får gått ein del på ski i skogane i Oslo. Ho ynskjer å gå heile fem kilometer, seier ho, men bestemor Kari trur det vert med to kilometer, ein runde rundt vatnet.
Linnea fortel at ho og Emely gjekk opp på leikeplassen i Seimsdalen nyttårsaftan, og dei hadde kvar sine stjerneskot og var med på å skyta opp fyrverkeri.
– Tykkjer du det var mykje fyrverkeri i Seimsdalen?
– Ja, det var ganske mange når me såg opp på himmelen, seier Linnea.
