GIR ROS: Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim (Sp) gir næringslivet og Lærdal Næringsutvikling ros for arbeidet som er gjort for å skapa fleire arbeidsplassar i kommunen. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.
GIR ROS: Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim (Sp) gir næringslivet og Lærdal Næringsutvikling ros for arbeidet som er gjort for å skapa fleire arbeidsplassar i kommunen. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.

Sysselsetjinga i Lærdal har auka kraftig

Lærdal er ein av kommunane der det private næringslivet har størst vekstkraft, viser tal fro NHOs kommunebarometer.

Lærdal: Det årlege kommunebarometeret til NHO, som baserer seg på tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB), viser at talet på arbeidsplassar i Lærdal auka med 72 frå 2013 til 2014. 

Lærdal kommune hoppar dermed frå ein 361. plass i 2012 til ein 288. plass i 2014. Ser ein utelukkande på det private næringslivet i kommunen er Lærdal rangert på 122. plass med ein vekst på 16,6 prosent i sysselsetjinga, som er nest best i Noreg, der landsgjennomsnittet låg på 1,2 prosent.

– Me har hatt fokus på dette i nokre år, men det har vore to vanskelege år, så imot alle odds har me fått til dette arbeidet i tillegg, og det er jo ganske imponerande av næringslivet og næringsselskapet, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp) til Porten.no.

Kombinasjon

I 2012 fekk Lærdal status som omstillingskommune og har jobba målretta sidan då med å auka talet på arbeidsplassar og innbyggjarar i kommunen. Solheim meiner Lærdal Næringsutvikling (LNU) og næringslivet skal ha ros for jobben som er gjort.

– Det er nok først og fremst næringslivet som vil noko, men det har hjelpt at me har gjort noko med næringsselskapet vårt. Omstillingsarbeidet og næringsselskapet saman har bra med ressursar og flinke folk. Det er fokus på dette kvar dag, seier han.

Roser det private næringslivet

Dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling, Arve Tokvam, synest tala er svært gledelege og ikkje uventa etter ei kartleggjing LNU gjorde i fjor. 

– Me skal ikkje seia at dette er ein direkte effekt av omstillingsarbeidet for det har fått virka lenge no, så det er nok fleire faktorar som spelar inn, fortel Tokvam og utgreiar.

– Skal ein få vekst i næringslivet, er ein avhengig av at nokon satsar, og eg trur det er nokon som har satsa. Me har blant anna Nettbuss, som hadde prosjekt med tilskot frå oss der det vart lagt til rette for nye arbeidsplassar. Me veit at det skjer ting på Håbakken, så totalen er bra.

Profesjonalisering av næringsarbeidet

Sjølv om dei to gir mykje av æra til det private næringslivet, meiner dei begge at det også var lurt av kommunen å profesjonalisere næringsarbeidet. Tidlegare var det berre kommunestyret som disponerte næringsfondet, men no blir dette gjort saman med næringslivet. 

– Det trur eg er ein suksess. Alt i alt er me på god veg, og så er dette berre starten. Det er det ekstra gledelege, seier Solheim og får støtte av Tokvam.

Artikkelen held fram under biletet.

PROFESJONALISERING: Dagleg leiar i LNU, Arve Tokvam, trur ein kombinasjon av satsing i det private næringslivet og arbeidet til LNU har bidrege til sysselsetjingsvekst. Arkiv
PROFESJONALISERING: Dagleg leiar i LNU, Arve Tokvam, trur ein kombinasjon av satsing i det private næringslivet og arbeidet til LNU har bidrege til sysselsetjingsvekst. Arkiv

– Lærdal har alltid hatt eit stort næringsfond, men ein har følt at ein ikkje har fått så mykje ut av dei midlane. Det har vore eit ønske, og så er det klart at omstillingsarbeidet har vore med og starta ein prosess, og den starta tilbake i 2012, der ein ilag med næringslivet la ein plan for korleis ein skulle utvikla Lærdal. 

Mykje innpendling

Fram mot 2017 er målsettinga til kommunen 50 nye arbeidsplassar og 100 nye innbyggjarar. Det første målet klarar dei fint, ser det ut til, men berre 26 av dei 72 nye arbeidstakarane bur i Lærdal. Det tyder på at innpendlinga er stor.

– Me har hatt det vanskeleg fordi me ikkje har hatt nye bustadar. Me har ikkje ledige bustadar. Heldigvis er det i oppbygging no, både det som brann ned, og i tillegg kjem det nye, så då har me plass til nye innbyggjarar, fortel Solheim, som er oppteken av å sjå utfor kommunegrensene når det gjeld bu- og arbeidsmarknaden.

Artikkelen held fram under biletet.

SATSINGSOMRÅDE: Håbakken i Lærdal har blitt eit viktig satsingsområde. Her er Solheim samla med ordførarkollegaer i regionen då Statens vegvesen skulle leggja fram sitt forslag til hovudtrasear mellom Oslo og Bergen i vinter. Arkiv
SATSINGSOMRÅDE: Håbakken i Lærdal har blitt eit viktig satsingsområde. Her er Solheim samla med ordførarkollegaer i regionen då Statens vegvesen skulle leggja fram sitt forslag til hovudtrasear mellom Oslo og Bergen i vinter. Arkiv

– Dette viser at når det vert skapt arbeidsplassar i ein sognekommune, så er det godt for heile Sogn. For dei som er fødde og vaksne opp i Lærdal kjennest det langt å pendla til Sogndal, medan dei som ser oss utanfrå er vande til å stå i kø og pendla. Difor skal me gleda oss over at andre får det til.

Meir samarbeid i næringsarbeidet

Lærdalsordføraren meiner at eit viktig steg i riktig retning for å skapa vekst i regionen er at næringsarbeidet i dei ulike kommunane blir tettare knytt saman.

– Me skal ikkje sloss om arbeidsplassane. Me skal gleda oss over at det blir skapt vekst, og så kan me heller auka samarbeidet og sjå på fellesløysingar når det kjem til bruken av midlar. Me er i ei særstilling i Noreg, der me får fylt opp næringsfonda ganske betydeleg. 

Til toppen