POSITIV VEKST: Nye tal frå Statistisk sentralbyrå syner ein sysselsettingsvekst på 346 personar i Sogn og Fjordane det siste året. Det gler Tore Thorsnes i NAV Sogn og Fjordane.
POSITIV VEKST: Nye tal frå Statistisk sentralbyrå syner ein sysselsettingsvekst på 346 personar i Sogn og Fjordane det siste året. Det gler Tore Thorsnes i NAV Sogn og Fjordane. (Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Sysselsettingsutviklinga har vore positiv i fylket det siste året

Nye tal frå Statistisk sentralbyrå syner ein sysselsettingsvekst på 346 personar i Sogn og Fjordane.

Fylket: Det er bygg- og anleggsverksemd som dreg lasset med ein vekst på 252 nye arbeidstakarar. Innan offentleg sektor bidreg helse- og sosialtenester med 110 fleire, opplyser NAV Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Tala syner også at Sogn og Fjordane har høgast del sysselsette i aldersgruppa 15–74 år i landet med 72,4 prosent. Nærast oss kjem Oslo med 71,1 prosent.

Industri og reiseliv bidreg med til saman 130 nye medarbeidarar i tillegg til næringane nemnde innleiingsvis.

På den andre sida held reduksjonen fram innanfor landbruk med 76 årsverk, som også er ein trend på landsnivå.

– Me likar heller ikkje at finansiering/forsikring og forretningsmessig tenesteyting har eit fall på 103 medarbeidarar. Desse bransjane tilbyr i stadig større grad tenester over nettet, som i sin tur gir redusert behov for tilsette, seier Tore Thorsnes, direktør i NAV Sogn og Fjordane.

– Dette er særleg uheldig i eit fylke der me har underdekning på denne typen kompetansearbeidsplassar. På landsnivå er forretningsmessig tenesteyting ei vekstnæring med heile 4800 nye arbeidsplassar, som me altså ikkje får del i. Likevel har Sogn og Fjordane samla sett ein vekst i sysselsettinga på 0,6 prosent, som er solid sett i høve til landet med berre 0,2 prosent. Krisa i oljebransjen må nok ta mykje av skulda for det svake landstalet, seier Thorsnes. 

 

Til toppen