FULL FEST: Lars Tore Skau, Per Christian Grov, Håvard Ese Eliassen og Gunnar Husabø er klare for storinnrykket på Skau-garden i Fresvik.
FULL FEST: Lars Tore Skau, Per Christian Grov, Håvard Ese Eliassen og Gunnar Husabø er klare for storinnrykket på Skau-garden i Fresvik. (Bilde: Fres festival)

Systrendingane og lærdølen som skapte festival på hi sida av fjorden

Det starta med ein venegjeng på rundt tjue som spelte i band og ville skapa liv i vesle Fresvik for tolv år sidan. Så utarta det seg, mildt sagt.

Fresvik: - Me var ein slik tjue stykk som samlast på garden til besteforeldra til Lars Tore (Skau, journ. anm.) i Fresvik i 2005. Utgangspunktet var at det var lite å gjera i Sogn på sommaren generelt og i Fresvik spesielt, seier Per Christian Grov.

Han er lærdøl, nærare bestemt borgynd og ein firedel av kvartetetten i festivalleiinga for Fresn. Dei tre andre er nemnde festivalsjef Lars Tore Skau, Håvard Ese Eliassen og Gunnar Husabø, alle frå Leikanger. 

Dei spelte alle i band og var både artistar og publikummarar for kvarandre i starten. Men det utarta seg.

- Åra har gått og festivalen vaks eksponentielt. Me dobla vel talet på besøkjande kvart år fram til 2012, då nådde me vel eit metningspunkt i høve kva me var i stand til å handtera. No har me kapasitet på 850 kvar dag, det vil seia kring 2700 festivaldøgn.

Atten band over tre dagar

Ingen av initiativtakarane kjem frå Fresvik, men det var her det skulle skje.

- Det var litt tilfeldig, men Lars Tore sine besteforeldre har ein gard her i Fresvik som er perfekt stad for ein festival. Og veldig få hadde vore her då me starta, så då tenkte me at det var ein kul plass å ha det på.

Dei var ikkje åleine om å tykkja garden i Fresvik var ein kul plass for sidan har innbyggjartalet i grendi på kring 200 elles i året vorte mangedobla. Framleis er det mest vener av vener av vener, og dei besøkjande kjem i stor grad frå Vik, Leikanger, Sogndal, Lærdal og Aurland.

- Mange legg til dømes ei attforening med venegjengen frå vidaregåande til Fresn. Så har me også ein heil del tilreisande frå  andre stader, som gjerne er vener av vener, fortel Grov.

Fresn anno 2017 går av stabelen denne helga, og er ein fullskala festival over tre dagar med seks band kvar kveld torsdag, fredag og laurdag. Dei største namna må seiast å vera Odd Nordstoga, Stein Torleif Bjella og Lemaitre.

Men trass i at dei dagar då banda sjølve måtte betala for å få spela på festivalen er talte, har ikkje Fresn mista "kultauraen" forklarar Grov.

- Dei første to åra spelte me sjølv i dei banda som stod på scena, men me tykte jo det var gøy å få større namn til Fresvik, som ikkje har dei heilt store artistane innom elles i året. Men me er framleis litt på den tankegangen at me skal gjera alt sjølve; det er lite industrielt og stort sett heimelaga løysingar.

- Inga grunn til bekymring for pissoarentusiastane

Her spelar pissoaret på Fresn ei sentral rolle. Det var ei renne av bølgjeblekk plassert på ein stad med svært godt utsyn. Til i fjor.

- Me har gått vekk frå bølgjeblekkrenna; den hadde rusta og det såg i det heile litt fælt ut. No er den av plast, men ser framleis heimelaga ut og framleis plassert med festivalens beste utsyn. Så det er inga grunn til bekymring for pissoarentusiastane, lovar Grov.

Grunn til bekymring kunne det kanskje vera at mangeårig pissoarsjef, kaupingen Bjarte Breilid med slekt i Fresvik - som for eit par år sidan tok helikopter til festivalområdet for å få montert pissoaret, i år har overlate jobben til ein røyrleggjar.

Men Breilid sjølv er ikkje bekymra.

- I fjor hadde denne røyrleggjaren ei rolle som handtlangar, så eg vil tru pissoaret blir i rimleg grei stand i år også.

- Folk er rett og slett vortne meir ømfintlege

Pissoaret kom først etter eit par år, i starten var det snakk om ei temmeleg direkte løysing rett ned i kloakken.

Sidan har det vore stadige utbetringar.

- Litt kvart år, men i fjor vart det ei radikal utbetring. Folk er rett og slett vortne meir ømfintlege, så då monterte me til og med vasslås og fekk ei sil av nokre ungar som passa perfekt nedi. Dermed vart det mindre kloakklukt, utdjupar Breilid.

Han har brukbar tru på at plastrøyret vil gjera jobben ei god stund framover. 

- Det er som ei kneprotese; dei seier at den varar i tretti år, men så gjer den sjeldan det. Framtida og historia vil gje fasiten på om dette var til det betre.

At han kjem til å ha eit visst blikk på pissoaret denne røyrleggjaren skal montera opp, er han rimeleg tydeleg på.

- Eg kjem til å koma hovudristande torsdag om den skulle vera montert opp på anna vis enn eg sjølv ville ha gjort. Så ei viss overvakingsrolle vil eg ta. Men at eg ikkje tek denne jobben i år har med private og familiære årsaker å gjera, det er inga protest mot det nye materialet eller noko i den retninga. 

Artikkelen held fram under biletet

ÅRVAKE BLIKK: Kaupingen Bjarte Breilid med røter i Fresvik er kjend for sans for detaljar og eit årvake blikk. Denne utgåva av Fresn vil han særskild nytta denne sansen og dette blikket i høve pissoaret, då han for første gong i Fresn-historia ikkje står for monteringa sjølv. Her er han på fjorårets utgåve av festivalen.
ÅRVAKE BLIKK: Kaupingen Bjarte Breilid med røter i Fresvik er kjend for sans for detaljar og eit årvake blikk. Denne utgåva av Fresn vil han særskild nytta denne sansen og dette blikket i høve pissoaret, då han for første gong i Fresn-historia ikkje står for monteringa sjølv. Her er han på fjorårets utgåve av festivalen. Foto: Fres festival

- Skapar den festivalen me sjølve har lyst til å reisa på

Av andre utbetringar på Fresn kan Grov i festivalleiinga freista med at det i år blir eit eige sitjeområde på festivalen.

- Her har me sett opp benkjer og tak i fall det skulle regna, noko det sjølvsagt ikkje kjem til å gjera. Elles hadde me skjenkjeløyve første gong i fjor. Det var ein suksess og blir vidareført i år.

Som alle andre år er han viss om at årets festival vil overgå fjorårets.

- Me tener ikkje pengar på dette, men skapar den festivalen me sjølve har lyst til å reisa på.

- Kva blir dei musikalske høgdepunkta?

- Personleg ser eg veldig fram til Knekklectric laurdag med sogndølen Jon Bolstad. Me har hatt lyst å booka han i mange år, men så har det ikkje passa før. Sjølvsagt blir det artig med dei større namna, Lemaitre og Nordstoga, men det er litt ekstra gøy med overraskingane.

Har framleis att billettar

Grov fortel det framleis er att både festival- og dagspass for dei som kan tenkja seg til Fresvik komande helg.

- Både i fjor og året før vart me utselde torsdagen, åtvarar han.

Fresn 2017 blir den tolvte utgåva i ei avbroten rekkje. I 2011 hadde nemleg festivalen eit opphald.

- Då ville me i festivalleiinga ha litt normal ferie, for me brukar heile sommaren på dette.

- Men det blir Fresn 2018 også?

- Eg seier alltid at det er siste året, men det blir vel fort eitt år til. Slitsamt når det står på som verst, men jøss kor gøy når me er ferdige med sjølve jobben.

Til toppen