VIL BITE FRÅ SEG: Eirik Bakke fyrer opp stemninga i forkant av storkampen mot Rosenborg, som er inne i eit tøft kampprogram med Mesterliga-spel både før og etter møtet med Sogndal. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

– Syting driv me ikkje med i Sogndal

Sjølv om Rosenborg er inne i eit tøft kampprogram med Mesterliga-fotball, kjem Eirik Bakke til å ha respekt for trønderane.

SogndalBygda førebur seg på folkefest når serieleiar Rosenborg kjem til Sogndal laurdag ettermiddag. I skrivande stund er 3500 billettar selde til storkampen. Arrangementssjef i Sogndal Fotball, Geir Inge Heggestad, forventar at rundt 4200 personar finn vegen til Fosshaugane Campus.

Med andre ord blir det perfekte rammer for eit Sogndal-lag som håpar dei kan utnytte at RBK var i Mesterliga-aksjon onsdag mot irske Dundalk – i Irland.

– Eg høyrer dei syte og klaga på at dei må reisa mykje, men dei kan flytta til Sogndal, så skal dei få merka kva reising er. Me er inne i ein tøff periode sjølv med 7–8 timar i buss kvar veke. Eg høyrte dei klaga på at dei må hit og spela, men dei har ein tropp på 25 mann, så det bør ikkje vera noko problem. Syting driv me ikkje med i Sogndal. Eg er sikker på at Kåre (Ingebrigtsen, RBK-trenar journ. anm.) har eit godt lag laurdag òg, seier Eirik Bakke til klubbens heimeside og smiler. 

19 år sidan sist

Han legg til at dei skal ha respekt for Rosenborg, men meiner det no er på tide at Sogndal får seg ein siger mot trønderane. Det er 19 år sidan Bent Apneseth og Asle Hillestad sikra sogndølene ein 2-1-siger mot RBK på Fosshaugane.

– Då gjeld det å møte opp i dei 90 minuttane og gjera det vanskeleg for Rosenborg. Me såg i fjor at det er mogleg, og det er det me går for på laurdag òg, held Bakke fram. 

Billettane går unna

Han forventar bra trykk på det som truleg blir eit nesten heilt fullt Fosshaugane Campus. Ifølgje Heggestad vil dei sannsynlegvis selje rundt 4200 billettar til det som er siste kamp før norsk fotball tek ferie i tre veker.

– Billettsalet går strålande. Det kjem masse trønderar. Me merkar nok litt at det er fellesferie, men midtsommarkampane er ganske bra når me møter bra motstand, seier Heggestad.

I tillegg er det ein laurdagskamp, noko som betyr enormt for næringslivet i bygda. 

– Diverre er det ikkje me som bestemmer når me skal spela kamp, men me skjønnar at dette verkar bra inn på butikkane. 

Til toppen