OPPTUR: Syver Olander Kvammen Heggestad (6) frå Årdal er råka av leukemi. Nyleg fekk han seg ein skikkeleg opptur då han fekk møte idola Marcus og Martinus.
OPPTUR: Syver Olander Kvammen Heggestad (6) frå Årdal er råka av leukemi. Nyleg fekk han seg ein skikkeleg opptur då han fekk møte idola Marcus og Martinus. (Bilde: Privat)

Syver Olander (6) fekk møte idola: – Ei kjempeoppleving og ein kjempeopptur for han

Medan 6-åringen fekk behandling på Haukeland Universitetssjukehus kom overraskinga.

Årdal: Syver Olander Kvammen Heggestad (6) frå Årdal fekk i pinsen i år påvist diagnosen leukemi, eller blodkreft. 2,5 års behandling ventar den unge karen som byrja i 1. klassen for ei veke sidan.

Då er oppturar alltid velkomne, og for Syver Olander fekk han seg ei skikkeleg overrasking medan han var inne til behandling på Haukeland universitetssjukehus i helga.

– Syver er stor fan av Marcus og Martinus. Så stor fan at sjukepleiarane har lagt merke til det. Han har koppar, putetrekk og dynetrekk, alt mogleg, med trykk av Marcus og Martinus, fortel far Kristian Heggestad.

– Plutseleg, medan han var inne til behandling for 14 dagar sidan, kom ein sjukepleiar og ein mann, og dei hadde ei god nyheit til oss.

KJEMPEOPPLEVING: Far til Syver Olander, Kristian Heggestad, fortel at sonen tykte det heile var ei kjempeoppleving. 
KJEMPEOPPLEVING: Far til Syver Olander, Kristian Heggestad, fortel at sonen tykte det heile var ei kjempeoppleving.  Foto: Privat

Kjempeoppleving

Mannen var Atle Halvorsen, og med seg hadde han konsertbillettar til heile familien Heggestad. Ikkje nok med det. Etter konserten skulle Syver Olander og veslesøstera få sjansen til å møte dei to popidola.

– Dette var ei kjempeoppleving og ein kjempeopptur for både han og veslesøstera, seier faren.

Lysare kvardag

Det var Cornelia-stiftinga som hadde ordna billettane og møtet. Dei siste 13 åra har Anne Fi Troye, som mista dottera si til kreft, jobba for å gjera kvardagen til barn og unge med kreft litt lettare.

– Då dottera mi blei sjuk, trudde eg me skulle koma til ei verd der menneske og behova deira vert sett, men me trefte ei verd der dei var godt vekkgøymd. Det var ingen som tok vare på sjølve mennesket. Medisinsk var alt fantastisk, men det er livet utanfor som er det viktigaste for dei unge, seier Troye til Porten.no.

Først og fremst står ho på for å samle inn pengar til kommunikasjonsverktøy som datamaskiner og mobiltelefonar, slik at barna kan vere med i klassen og med venene sine. I tillegg har ho bidrege til å lyfte fram roboten AV1. 

Omsorg og empati

Marcus og Martinus møtte roboten på Spellemannsprisen for to år sidan. Det var dei som tilbydde stiftinga 50 billettar til konserten. Ho skildrar miljøet med foreldre og pårørande som «ei forunderleg lita verd», og slik vart det til at familien Heggestad fekk billettar. 

– Marcus og Martinus tok seg så god tid. Det er 16 år gamle, men viser ein slik omsorgsevne og empati.Eg stod berre og gret i bakgrunnen. Dei er to fantastiske karar, og det var utruleg kjekt å ha med denne gjengen slik at dei fekk møte dei to.

Til toppen