(Foto: Arkiv)

Szabo og Stedje Øren storspelte då Jotun tok eitt poeng

Etter to veker utan kamp var Jotun tilbake i aksjon laurdag ettermiddag. Eitt tap, éin uavgjort og éin siger var fasiten etter tre kampar.

Sigeren kom mot Os rett før pausen, og var den første av tre heimekampar på rad. Stord baud på langt tøffare motstand, og det skulle bli ein jamn og tøff batalje, som enda med eitt poeng til kvart av laga.

– Eg er kanonnøgd med resultatet i dag fordi treningsveka har vore eit rot. Me har mange spelarar på skift, og så har mange vore på haustferie. Slik sett er resultatet ganske sterkt sidan me spelar me to mindre rutinerte spelarar, seier Jotun-trenar Olafur Sveinsson.

For Jotuns del var det Ramona Szabo og kanskje spesielt Marianne Stedje Øren som drog lasset. Sportsleg leiar Torstein Kvam meiner dei må bere mykje på sine skuldrar.

– Me burde absolutt få på plass fleire spelarar her. Det må me fordi stallen blir for tynn. Marianne og Ramona må ta mykje av ansvaret, og då blir me lette å gjennomskua, seier han og legg til at syntest Stedje Øren leverte sesongbeste i dag.

Gjorde ingen bytte

Sveinsson er ikkje heilt einig i at dei to får mykje av arbeidet.

– Du gløymer Heida, og Kata (Katalyn Zamoly) gjer også eit ganske så viktig arbeid. I dag vart det slik at me ikkje fekk rulla så mykje opp på høgresida, og vart det mykje på dei tre-fire spesielt, seier han til Porten.no.

Islendingen gjorde ikkje eitt einaste bytte i dag, og det kan lett tenkast at friske bein ville hjelpt mot slutten, men Sveinsson forsvarar valet.

– Det handlar litt om at dei som sit på benken er unge jenter, og alle såg vel at dette var ein tett og jamn kamp, og då er det ikkje så lett å ta det ansvaret på sine skuldrar dersom noko går gale. Det er meir slike tankar ein sit med når ein ikkje gjer bytte, men dei kjem til å få spela i andre kampar. 

– Det handlar ikkje om at dei ikkje er gode nok, men rett og slett om ansvaret. Ansvaret skal liggja på dei som har rutine og erfaring.

Såg kampen frå tribuna

Før kampen var det avslaget på søknaden om opphaldtillatelse på dei to montenegrinske spelarane som var snakkisen. Som Porten.no fortalte fredag kveld hadde Utlendingsdirektoratet avslått søknaden til dei to tidlegare denne veka.

– Me skal iallfall ikkje senda dei nedover att. Advokaten i Sogndal har gitt oss beskjed om at me ventar med det fordi han vil køyra saka litt lenger fordi han synes det er så urettferdig, og det synest me også, seier Kvam.

Frå tribuneplass blei dei to vitne til ei jamn opning på kampen. Tydeleg engasjerte i kampen gestikulerte og støtta dei Jotun. 

Jamt til pause

Gjestane frå Stord fekk ei tidleg tomålsleiing, men Jotun svarte ved Ramona Szabo og Marianne Stedje Øren, og etter ti minuttar hadde Jotun ei knapp 5-4-leiing.

Zsofia Zekely hadde fleire gode redningar, men klarte ikkje forhindra Stord i å ta ei ny tomålsleiing, men igjen fekk Jotun tetta igjen luka. 

Omgangens store spelar for heimelaget var Szabo. Med sine fem mål gjorde ho sitt til at det stod 11-11 til pause.

Matre vanskeleg å stoppa

Andre omgang fekk ein langt meir målrik start. Szabo fortsatte det gode spelet sitt, men det var ikkje nok til å gi Jotun ei solid leiing.

Det var spesielt Helene Matre på Stord heimelaget sleit med å få has på. 

– Me kunne sikkert ha stilt med nokon sterkare spelarar på ho, men då hadde ein kanskje fått andre problem andre plassar, seier Sveinsson.

Den kraftfulle backen fekk ofte gjera som ho ville, men dei grøne og raude hadde Stedje Øren og Szabo i full sving og halvveges i omgangen stod det 19-19 på måltavla.

Spennande avslutning

Men to kjappe frå Jotun-duoen gjorde at Jotun endeleg fekk ei tomålsleiing for første gong i kampen. 

Heida Arsenault ville vera med på leiken ho òg og stupte inn sitt mål nummer fem og tremålsleiing til Jotun med ti minuttar igjen av kampen.

Stord tok seg saman og henta inn leiinga før Jotun igjen leia med to mål, men gjestane ville ikkje sleppa taket, og med to minuttar att av kampen stod det 25-25.

– Andre kampen dommaren tek poeng frå oss

Minuttet før slutt satte Lene Øren inn 26-25 til Jotun, og då tok Stord time-out. Heimelaget holdt stand, men med 13 sekundar att fekk Stord straffe. Zekely, som hadde stått ein strålande kamp, fekk fingertuppane på ballen, men klarte ikkje å hindre scoring. 

Etter kampen blei det ein liten diskusjon mellom Sveinsson og dommaren, og islendingen forklarar kvifor.

– Det er andre kampen han tar poeng frå oss. Om det er rett eller feil, så er det andre gangen han dømmer noko som tek frå oss poeng. Han dømte kampen mot Fyllingen også. 

– Der hadde me video av hendinga og sendte det inn til både dommarar og fleire partar i regionen, og dei viste ikkje ein gang respekten å svare, seier Sveinsson.

Dermed enda det 26-26 i Årdalshallen, og no ventar ventar NHHI i neste kamp klokka 16.00 i Årdalshallen den 18. oktober. 

– Den må me nesten vinna dersom me skal henga litt med, seier Kvam.

Til toppen