SER ANNLEIS UT: Dei gamle kommune- og fylkesgrensene tener ikkje lenger det same føremålet som på 1960-tallet. Arbeidskvardagen, reisevegen og kommunesentra ser annleis ut i dag enn dei gjorde då. Vi forventar også at kommunen leverer heilt andre tenester no enn då fylkes- og kommunegrensene sist vart endra, skriv Sveinung Rotevatn (V). Arkivfoto
SER ANNLEIS UT: Dei gamle kommune- og fylkesgrensene tener ikkje lenger det same føremålet som på 1960-tallet. Arbeidskvardagen, reisevegen og kommunesentra ser annleis ut i dag enn dei gjorde då. Vi forventar også at kommunen leverer heilt andre tenester no enn då fylkes- og kommunegrensene sist vart endra, skriv Sveinung Rotevatn (V). Arkivfoto

MEININGAR

Ta heile landet i bruk 

Bygd og by treng utvikling og politikarar som er villige til å gjennomføre store reformer for ei betre framtid, skriv Sveinung Rotevatn (V).

  • Endret

Det er sunt for Noreg at ikkje all makt er samla i Oslo. Ei utfordring kan gjerne sjå annleis ut i Kirkenes enn i Lindesnes. Tendensen til å samle makt i hovudstaden er ikkje unik for Noreg. Dette skjer i alle land. For å motverke sentralisering må vi ta politiske grep som gjer det mogleg å spreie makt i heile landet. Svaret kan ikkje vere å halde på dei gamle strukturane og vanane som har ført til sentralisering. Vi må tørre å sjå framover. Vi må tørre å tenke nytt. 

Dei gamle kommune- og fylkesgrensene tener ikkje lenger det same føremålet som på 1960-tallet. Arbeidskvardagen, reisevegen og kommunesentra ser annleis ut i dag enn dei gjorde då. Vi forventar også at kommunen leverer heilt andre tenester no enn då fylkes- og kommunegrensene sist vart endra. 

Saman med dei andre samarbeidspartia har Venstre satt i gang den største kommunereforma på femti år. Nærare 100 kommunar har funne saman, heilt frivillig. I vårt fylket gjeld det Eid og Selje, Hornindal og Volda, samt den nye storkommunen Førde, Naustdal, Jølster og Gaular. At prosessen i all hovudsak har vore frivillig, gjer overgangen til dei nye kommunane betre. Fleire kommunar vil kome til å følgje etter i månadane og åra som kjem. Mellom anna er Vågsøy, Flora og Bremanger i spanande samtalar om eit kystsamarbeid. Resultatet for desse kommunane vil vere betre tenester og gje meir makt lokalt. 

Regionreforma vil halvere talet på fylke i landet, og resultatet vil gjere at vi kan flytte fleire statlege oppgåver til det regionale nivået. Det vil seie at vi kan få regionale løysingar som tar høgde for regionale ulikskapar og ønskje innanfor utdanning, næringsutvikling, digital infrastruktur og samferdsle. Regionalisering er det reelle alternativet til sentralisering av oppgåver i staten. Vi har kunnskapsmiljø, private arbeidsplassar og spisskompetanse over heile landet. Trass i dette har hovudstaden det høgaste talet på statstilsette av alle fylker. Under dei raudgrøne si tid i regjeringskontora kom det nærare 10.000 nye statlege arbeidsplassar til hovudstaden, medan nokre skarve hundre vart flytta til resten av landet. Difor har Venstre no blitt einige med regjeringa om å flytte 1.800 statlege arbeidsplassar til heile Noreg. Hensikta er som med region- og kommunereforma, å spreie makt. Det er eit grunnleggjande mål å ha ressurspersonar i statleg teneste som har ulike syn på dei utfordringane og mogelegheita Noreg står overfor. Eit slikt mangfald skal vi nære opp under, mellom anna ved å gjere det mogleg å gjere karriere i statsforvaltninga utan å måtte bu i hovudstaden. 

Bygd og by treng utvikling og politikarar som er villige til å gjennomføre store reformer for ei betre framtid. Om bygdene og småbyane våre skal halde fram med å vere levande stadar der folk trivst, treng vi kommunar som er store nok til å skape jobbar folk vil ha og tenester med høg kvalitet. Det vil gjere det lettare for ungdom å flytte tilbake til heimbygda etter fullført utdanning, og gje folk større påverknad over utviklinga av stadet der dei bur.

Til toppen