Ta treninga utandørs!

Ta treninga utandørs!

Vibeke tipsar om korleis du kan ta i bruk naturen som treningssenter.

Variasjon er eit viktig treningsprinsipp, da det ikkje er bra å la kroppen bli vant til ein bestemt type trening og belastning over lengre tid. Dette gjeld same om du er ein av dei som tilbringer timevis med dei tunge vektene i styrkeavdelinga, på gruppetimane på treningssenteret eller om du foretrekker uthaldstrening som løp eller sykkel; varier treninga di! Det skal faktisk ikkje meir til enn ei bittelitt annleis treningsøkt innimellom for å utfordre kroppen på måtar som den ikkje er vant til.

Kva med å bruke naturen ein dag det er ekstra fint vær? Under har eg komme med forslag til nokon øvingar du enkelt kan trene utandørs, og som du trenar heile kroppen med. Finn deg ein parkbenk, murkant eller stein, eit tre eller eit klatrestativ (kun kreativiteten set grenser), og du er good to go:

Artikkelen held fram under bileta.

Bulgarsk utfall.
Bulgarsk utfall.

 

Chins/pull ups.
Chins/pull ups.

 

Push-ups (Tyngre variant: Ha beina på benken og hendene i bakken)
Push-ups (Tyngre variant: Ha beina på benken og hendene i bakken)
Dips.
Dips.

 

Box jumps (park bench jumps klinger for så vidt også bra).
Box jumps (park bench jumps klinger for så vidt også bra).

Du kan gjennomføre øvingane som ei sirkeltrening i så mange rundar som du ønsker, eller du kan køyre dei kvar for seg med ei lita pause mellom. Start eller avslutt gjerne med ein liten joggetur! 

PS! Dette er mest meint som variasjon til anna trening du bedriver - hugs det eg har skrive om at treningssenteret er bra for deg (link)

Til toppen