AURLAND: Monica Finden.
AURLAND: Monica Finden. (Foto: Arkiv)

MEININGAR

– Ta vare på kvarandre og ha omtanke for dei som er ekstra hardt ramma

Monica Finden oppmodar aurlendingane til å stille opp for dei som har hatt eit hardt år, både på privaten og jobbmessig.

Meiningar: Jula er ei tid då familiar er saman, me kosar oss med mykje godt, deler gåver og har fellesskapet. I år er det anleis.

Mange får ikkje vere saman med sine nære fordi dei bur langt vekke – kanskje til og med i andre land, ein del er i risikogruppa, ein del har fått svekka økonomi fordi dei er permitterte eller har mista jobben – alt på grunn av eit lite virus som har gjort so mykje ut av seg.

Koronaviruset har snudd opp-ned på kvardagen til folk. Me får ikkje omgåast slekt og vener slik me brukar, og mange saknar den gode stunda saman og den gode klemmen.

Den nye kvardagen

Digitale plattformer kan ikkje erstatta den fysiske kontakten, men mange har dette året hatt stor glede og nytte av å sjå og prate med nær slekt og vener på skype, messenger og på andre måtar.

Besteforeldre og oldeforeldre har kanskje ikkje fått møte det vesle «nurket» som har sett dagens lys etter at koronaen kom i midten av mars, men kanskje dei likevel har fått fylgje dei litt på ein skjerm?

Kanskje ligg det mange nettbrett under juletreet til foreldre og besteforeldre slik at det skal verte lettare å holde kontakten framover? 

I Aurland har me vore heldige når det gjeld sjukdomstilfeller, men mange fekk kjenne på korleis det har vore å stå utan arbeid og få redusert inntekta då me gjekk frå å vere nesten utan arbeidsledige til å bli over 20 prosent. 

Og mange næringsdrivande har hatt ei tøff tid. Dette har gitt store utfordringar for mange, og verknadane vil kjennast i lang tid framover.

Mange av oss må tenkje anleis både privat og på jobb. I kyrkja har me hatt lang periode der me har måtta setje begrensingar i kor mange som har kunna vore til stades i gudstenester, gravferder og vigslar.

Barnedåp har vore teke utanfor gudstenesta slik at familiane har kunna vore samla, namnelister har vore laga til og oppbevart for eventuell smittesporing i alle typar aktiviteter. Familiar har måtta prioritere kven som har kunna komme til gravferd til sine næraste.

Det har vore vanskeleg for mange.

Både skulane og barnehagane har hatt stengingar, digital heimeundervisning og elles mykje tilrettelegging.

Det vart lettare då ein kunne forholde seg til kohortar som var større enn berre familien, men det er framleis utfordrande. I kyrkja har me hatt veldig få trusopplæringsaktivitetar, so her håpar me å komme sterkare tilbake i 2021, slik at ikkje nokon skal miste noko av det dei har sett fram til.

Begrensingar og uvissheit

Både Tårnagent, juniorkonfirmant, Lys Vaken og sommarleir er aktivitetar som mange har sett pris på og som me vil få i gang att so fort som råd. Konfirmasjonen som skulle vore i mai 2020 vart utsett til oktober 2020, og med sterke begrensingar i kor mange gjester den enkelte kunne ha med seg i kyrkja. Konfirmasjonen i mai 2021 håpar me kan gjennomførast som planlagt, men ingen veit enno.

Då koronaen slo til i mars hadde vel ingen sett for seg at det skulle vare so lenge.

Det har lenge vore 1 meter avstand som gjeld. For ikkje so lenge sidan vart dette auka til 2 meter når ein har allsong inne. Det vil sei at dei som ikkje elles kan vere nær, må ha 2 meter avstand når ein er i gudsteneste der ein har salmesang.

Difor vert det færre benker som kan brukast på julegudstenestene, og det kan sitje færre på kvar benk. Sjølv om benkene er lange i Vangen kyrkje, so kan det ikkje sitje meir enn 2 på kvar benk om det kjem 2 «single» eller eit par, men kjem det ein familie på 6-7, so kan dei fylle benken. Me veit difor ikkje kor mange me har plass til i våre julegudstenester i år, men vil sleppe inn folk til det er so fullt som det kan vere med dei begrensingane som er. 

No ser det ut som vaksine snart kan takast i bruk hjå oss óg, og kanskje landet då sakte men sikkert kan gå tilbake til «normalen». Men det tek nok lang tid før ting vert som det var. Kanskje me aldri kjem tilbake til «slik det var før»? 

Ta vare på kvarandre, og ha omtanke for dei som er ekstra hardt ramma. Dei som slit med tunge tankar har hatt ei ekstra tøff tid dette året, og for mange familiar er det tøft å gå inn i jula med ein økonomi som ikkje er slik han var. Inkluder dei i det de kan innanfor dei rammene som er sette. 

Me ynskjer alle ei velsigna god jul og eit godt nytt år!

Til toppen