HUS PÅ DELING: Anna Tynderfeldt, Markus Odenhammer og dei to barna deira, Lova og Elis, deler hus med dei to søskena til Markus og familiane deira. Foto: Privat.
HUS PÅ DELING: Anna Tynderfeldt, Markus Odenhammer og dei to barna deira, Lova og Elis, deler hus med dei to søskena til Markus og familiane deira. Foto: Privat.

Ta vare på sommarhusfreden

Skal storfamilien feriere under eitt og same tak? For å unngå gnissingar bør de planleggje godt.

Kvifor dukkar alltid veslesøster opp først når graset er klipt og maten står på bordet? Og kor greitt er det eigentleg at den nye kjærasten til broderen insisterer på at alle et vegetarisk? Det er ikkje alltid like lett å leve saman døgnet rundt, dele kjøkken og bad og halde ut med andres dårlege vanar.

Psykolog Anna Bennich Karlstedt meiner det er nokså naturleg at vi fort kjem i tottane på kvarandre.

Psykolog Anna Bennich Karlstedt.
Psykolog Anna Bennich Karlstedt.

– Det kan vere vanskeleg nok å halde på husfreden elles i året. Plutseleg skal ein bruke all si tid saman på eit avgrensa område, der i tillegg svigerforeldre og meir og mindre fjerne slektningar plutseleg kan dukke opp, seier Karlstedt.

Gjekk saman

Men det kan sjølvsagt òg vere veldig fint å bruke tid saman med familien. Anna Tynderfeldt, sambuaren Markus Odenhammar og barna deira, Lova og Elis, deler hus med dei to søskena til Markus og familiane deira. Til saman er dei elleve personar som leiger eit stort gammal hus ved Södermanland i Sverige. Like ved bur dessutan Ing-Mari, mora til Markus.

Da paret fekk tilbod om å dele huset for to år sidan, nølte dei ikkje.

– Markus og søskena hans har veldig god kontakt, og vi tenkte det ville vere bra for barna å ha ein stad der dei kunne treffe kusiner og fetterar, fortel Anna Tynderfeldt.

Ansvar for eigne

Storfamilien leiger huset heile året og er som oftast ikkje der på same tid, men i sommarferien er gjerne heile gjengen på plass. Kvar familie har eige soverom. Kjøkkenet deler dei, men kvart hushald planlegg sin eigen mat og har si eiga kjøkkenhylle og avdeling i kjøleskapet.

Fordi familiane har barn i ulike aldrar med ulike rutinar, er det mest smidig å gjere det slik, blir vi forklart.

Artikkelen held fram under biletet.

LETTAR ARBEIDET: Ein kjempefordel med å dele feriehus er at ein ikkje må gjere alt hagearbeidet sjølv.
LETTAR ARBEIDET: Ein kjempefordel med å dele feriehus er at ein ikkje må gjere alt hagearbeidet sjølv.

– Men vi kan likevel ete middag saman – iblant grillar vi eller lagar ein stor gryterett der vi slår matvarene våre saman.

Vårmøte

Ordninga krev ingen spesielt strenge regler, men før kvar sesong har familiane eit møte for å gå gjennom kva som må gjerast med hus og hage.

– Vi merkar at det er litt vanskelegare å få ting gjort på denne måten enn om vi hadde hatt kvart vårt hus. Det handlar mykje om å ikkje køyre over andre, og da endar vi av og til med å utsetje avgjerdene. Det tok for eksempel to år før vi fekk nye hagemøblar på plass, ler Anna.

Men ho strekar samtidig under fordelane med å dele hus på denne måten. Ein treng til dømes ikkje å gjere alt hagearbeidet sjølv.

Kommunikasjon viktig

Psykolog Anna Benich Karlstedt meiner òg at planlegginga er avgjerande når ein har valt ein slik løysing.

– Uansett kor gode relasjonar ein har, er kommunikasjon viktig. Kanskje er de einige om alt, men planleggingsmøte gir høve til å oppdage og diskutere ting som kanskje ikkje er openberre, seier Karlstedt.

Artikkelen held fram under biletet.

FINN BALANSEN: Å dele ferien med storfamilien kan vere triveleg, men det er ikkje alltid like lett å komme overeins.
FINN BALANSEN: Å dele ferien med storfamilien kan vere triveleg, men det er ikkje alltid like lett å komme overeins.

Ho nemner som eksempel problemstillingar knytt til ulik økonomi og ambisjonar.

– Kanskje tar somme det for gitt at kjøkkenet må restaurerast, mens ein annan liker det som det er. Ein bør drøfte korleis ein skal gå fram dersom det trengst pengar til reparasjonar, legg ho til.

Eige rom viktig

Anna Tynderfeldt trur at ein viktig grunn til at denne familien får det så bra til, er at huset dei deler, er stort, slik at dei kan innordne seg slik dei ønskjer i «sitt» rom.

– Hadde vi til dømes bytt på rom frå gong til gong, ville det nok vore vanskelegare, seier ho.

Også Karlstedt strekar under behovet for å gi kvarandre plass og ha moglegheita til å trekkje seg tilbake og lukke døra.

– Somme har ganske enkelt større behov for åleinetid enn andre. Skal ein dele eit hus, må ein berre akseptere at vi er forskjellige, legg psykologen til.

Til toppen