– STUSS HEKKEN: Det oppmodar Statens vegvesen og Trygg Trafikk om no ved skulestart. Illustrasjonsfoto: Ina Eirin Eliassen
– STUSS HEKKEN: Det oppmodar Statens vegvesen og Trygg Trafikk om no ved skulestart. Illustrasjonsfoto: Ina Eirin Eliassen

Ta vare på ungane i trafikken med enkle grep

Tre av ti dødsulykker på sykkel er skulda dårleg sikt. Ofte er det hekkar, buskar og vegetasjon som er til hinder, ifølgje Statens vegvesen.  

Både Statens vegvesen og Trygg Trafikk oppmodar om ein felles dugnad i lokalmiljøet for å betre sikta ved avkøyrsler til private eigedomar.

Små barn på skulevegen blir lett borte bak store hekkar og buskar, noko som kan føre til farlige situasjonar i trafikken.

Både høge buskar ved avkøyrsler eller greiner som heng ut i vegkryss kan gjere det svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. I tillegg kan trafikantane gå glipp av viktig informasjon frå skilt langs vegane. Dette er eit aukande problem i sommarmånadane. 

Tilrettelegge for ein trygg skuleveg

Folk som bur langs trafikkerte vegar må klippe hekkar og buskar på eigendomane sine, av omsyn til eigen og andre sin tryggleik.

– I disse dagar er det skulestart og me ønsker at flest mulig skal gå og sykle. Då må ein legge tilrette for at det kan skje på ein sikker måte. Ungane må være synlege langs vegane, seier distriktsleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Du har eit ansvar

Ansvaret for fri sikt nedfelt i Vegtrafikklova. Det er du som bur ved vegen som er ansvarleg for å klippe hekkar og buskar på din eigedom. Det skal vera god sikt ved vegkryss og ved avkøyrslar, slik at det er lett å sjå store som små trafikantar. 

Ifølgje lova skal du ha minst 20 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelvegen, når du står fire meter inn i avkøyrsla di. Hekkar og gjerde skal heller ikkje være høgare enn 50 centimeter over gateplan.

– Det blir nok oppfatta av mange som svært lågt. Eg trur ikkje alle kjenner til denne bestemminga. Det er i alle fall mange hekkar som blokkerar sikta, seier Heggestad.

Alvorlege ulykker sjølv i dagslys

Analysar av dødsulykker på sykkel av Statens vegvesen syner at dei mest alvorlege ulykkene skjer fordi syklisten blir oversett sjølv i fullt dagslys. Det skuldast at syklisten havnar i blindsona til store bilar, gløymer å gi tydlege teikn, har på seg mørke klede eller ikkje er flinke nok til å nytte lys og refleks. 

Ved å nytte lys på dagtid, blir syklisten lettare å sjå for ein bilist som køyrer i motlys. Det er også dømer der bilistar gløymer å sjå seg over høgre skulder og sjekke dødvinkelen, eller slurver med å bruke blinklys. 

Til toppen