BEST NÅR DET GJELD: Taijo Teniste er ikkje den som skårar oftast, men når han først gjorde det var det livsviktig for heimelaget.
Video

Her blir Taijo Teniste den usannsynlege helten i bragdsigeren

I over seks år har han gjort jobben i det stille. Men då Sogndal trengte det som mest steppa estlendaren opp og skåra sitt første mål for klubben.

Sogndal-Vålerenga: 5-2

Han er mannen som spring og spring, men aldri skårar. Tjue minutt før slutt mot Vålerenga gjorde den trufaste høgrebacken den statistikken til skamme. I sin siste eliteseriekamp før overgangen til Brann sende Taijo Teniste Fosshaugane til himmels då han banka inn 3-2 mot Vålerenga.

Men ikkje tru at hovudpersonen tek av av den grunn.

– Det er ei god kjensle å skåra mål, men det er langt viktigare at me vinn kampen og sikrar to nye sjansar til å berga plassen, seier Teniste.

JUBEL: Taijo Teniste og resten av sogndallaget fekk mykje å jubla for mot Vålerenga.
JUBEL: Taijo Teniste og resten av sogndallaget fekk mykje å jubla for mot Vålerenga. Bilde:  Halvor Farsund Storvik

Mista ikkje motet etter 2-2

Før kampen hadde speakeren på Fosshaugane fått beskjed om å ikkje fortelja korleis det gjekk i oppgjeret mellom Aalesund og Strømsgodset. Utfallet der var like avgjerande for om Sogndal skulle greia seg som det som skjedde på eige krøllgras.

Likevel skjønte spelarane at det var alvor då Christian Grindheim utlikna til 2-2. 

– Eg tenkte ikkje for mykje på det, det var berre å halda fram å kjempa. I dag viste me vinnarmentaliteten me er kjente for i Sogndal.

– Når Taijo skårar, så vinn me alltid

For trenar Eirik Bakke var nervane i høgspenn gjennom store delar av kampen. Men då Taijo Teniste skåra skjønte han at det kunne gå vegen.

– Det var utruleg moro for han å skåra sitt første mål. Det la lista for resten av laget og gjorde at me fekk eit vanvittig løft etter antiklimakset då Grindheim utlikna. Når Taijo skårar, så vinn me alltid, seier Bakke humoristisk.

No har Teniste to kampar på å seia farvel til klubben han har spelt for i størstedelen av karriera. Estlendaren er bestemt på at takka for seg ved å sikra fornya billett i eliteserien.

– Det er viktig for klubben å halde seg på øvste nivå. Det blir kjensleladd å reisa, for eg har masse gode vennar her. Men eg skal takla det, seier Teniste.

Til toppen