TJUKK TÅKE: Sikta på Haukåsen var tidlegare i dag er lik null. No melder dei tilsette på lufthamna at vêret har snudd fullstendig og at sikta er god nok til å fly.
TJUKK TÅKE: Sikta på Haukåsen var tidlegare i dag er lik null. No melder dei tilsette på lufthamna at vêret har snudd fullstendig og at sikta er god nok til å fly.

Tåka har letta i Sogndal, no går flya att

Fire fly vart kansellerte tidlegare på dagen på grunn av tjukk tåke, men no er det blå himmel over Sogndal lufthamn.

Sogndal: – Her er blå himmel, strålande sol og tjuefire varmegrader. Det endra seg på ti minutt, seier ein tydeleg letta vaktleiar Torfinn Skjerven i Widerøe.

Tåka låg tidlegare i dag tjukk over lufthamna og skapte problem for dei reisande. Dei to morgonflya til Oslo og Bergen vart kansellerte, det same vart to seinare fly til Oslo.

Flesteparten av passasjerane vart sett på buss til Førde for å ta flyet derifrå. For Widerøe kunne ikkje garantere at flya ville gå resten av dagen. 

– Akkurat no er det heilt tett. Korleis det blir utover dagen torer eg ikkje seie noko om, sa Sonja Kirkegaard, flyekspeditør hos Widerøe, til Porten.no klokka 11.00.

Tåka kan vere temmeleg standhaftig på det verste. Men når den først lettar, så gjer den det på ein augneblink. Det var heldigvis tilfellet i dag.

– Fem på halv eitt såg vi ikkje rullebana ein gong. Så gjekk det nokre minutt og det var blå himmel, seier vaktleiar Torfinn Skjerven.

Til toppen