FEILTOLKING: Dekninga av denne saka skaper grunnlag for både mistydingar og feiltolkingar, så det er difor nødvendig å få fram ein del fakta om ambulansetenesta, skriv Jon Bolstad. Biletet syner ambulansearbeidarar i aksjon på ei øving. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
meiningar
FEILTOLKING: Dekninga av denne saka skaper grunnlag for både mistydingar og feiltolkingar, så det er difor nødvendig å få fram ein del fakta om ambulansetenesta, skriv Jon Bolstad. Biletet syner ambulansearbeidarar i aksjon på ei øving. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
meiningar

Tåkeprat om ambulanse

I debatten rundt ambulansetenesta har det i fleire aviser blitt hevda at Helse Førde meiner at dagens ambulanseteneste i Sogn og Fjordane «ikkje er berekraftig». 

KOMMENTAR: Dekninga av denne saka skaper grunnlag for både mistydingar og feiltolkingar, så det er difor nødvendig å få fram ein del fakta om ambulansetenesta. 

Faktum er at vi aldri har brukt fleire pengar på ambulansedrifta enn det vi gjer no. Vi skal halde fram med å bruke store beløp på dette området i åra framover også. Alle skjønar også at det er svært kostbart å levere ambulansetenester i eit stort fjord- og fjellfylke med spreidd busetnad og relativt sett få innbyggarar. Det betyr at god styring av området er naudsynt, samt at den faglege kvaliteten må være på plass. 

Så nokre konkrete faktaopplysningar om ambulansetenesta i Sogn og Fjordane:

  • I 2010 brukte Helse Førde 116 millionar kroner på ambulansedrift, i fjor brukte vi 176 millionar. 
  • Tal ambulansestasjonar er uendra sidan 2010, og i denne perioden er ei rekke av dei blitt oppgradert.
  • Tal årsverk i ambulansetenesta har auka frå 147,5 (2010) til 166,5 (2015). 

Vidare er det viktig å merke seg at ansvaret for det akuttmedisinske tilbodet i Norge er delt mellom spesialisthelsetenesta (her: Helse Førde) og kommunane. Medan Helse Førde opprettheld ein omfattande desentralisert beredskap, har fleirtalet av kommunane sentralisert sine legevaktsamarbeid. 

I tillegg har vi tilgang til god luftambulanseteneste her i fylket, noko som er eit viktig supplement til land- og sjøbasert ambulanseteneste.  

Som historia syner, satsar Helse Førde på ei godt utbygd og fagleg robust ambulanseteneste . Så må vi være villige til å møte utfordringane som nye krav stiller til kvaliteten på tenesta. Nokon gonger betyr det å justere kursen. Å navigere i dette landskapet er sjølvsagt krevjande øving.

Jon Bolstad
Administrerande direktør, Helse Førde

Til toppen