TAKKA FOR SEG: Vidar Øygard og Harald Husabø takka for seg i Årdal Næringssamskipnad då dei hadde årsmøte før påske. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TAKKA FOR SEG: Vidar Øygard og Harald Husabø takka for seg i Årdal Næringssamskipnad då dei hadde årsmøte før påske. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Takka for seg i ÅN

Vidar Øygard og Harald Husabø går ut av styret i Årdal Næringssamskipnad (ÅN).

Årdal: Inn kjem Kjell Nesse, som vart valt til ny leiar, og Mette Karlsen. Det vart vedteke på årsmøtet til Næringssamskipnaden før påske. 

ÅN har i 2015 hatt mykje aktivitet for medlemane. Etter ei spørjegransking som vart gjort, har styret prøvd å innfri ønska om aktivitet. 

– Utviklinga i 2015 har fortsatt vore god som følgje av at dei store bedriftene går betre, og det skapar auka aktivitet blant leverandørbedriftene. Det er fortsatt utfordring for delar av næringslivet knytt til at folketalet framleis går ned i Årdal, heiter det i årsmeldinga.

Jobbar for eit attraktivt Årdal

Medlemstalet ligg stabilt på 55 bedrifter også i 2015, og på møta har det vore god deltaking.

– Me jobbar vidare for å skape ein møteplass for næringslivet med relevante tema. Årdal Næringssamskipnad har i 2015 jobba vidare med å skape merksemd knytt til den vidaregåande skulen i Årdal og jobbar vidare med å gjere Årdal til ein attraktiv arbeids- og skulestad.

Rekneskapen viste eit underskot på 146 000 kroner. Det var budsjettert med eit underskot på 53 000 kroner. Årsaka til at underskotet vart større er høgare aktivitetsnivå enn budsjettert. Per 31. desember 2015 hadde ÅN 173 000 kroner på konto i bank.

Til toppen