SA NEI: Formannskapet i Årdal sa tysdag nei til å kjøpe aksjar i Ecoinowaste, som selskapet som skal etablere trepelletsfabrikk på Håbakken, heiter. Foto: Cubus.
SA NEI: Formannskapet i Årdal sa tysdag nei til å kjøpe aksjar i Ecoinowaste, som selskapet som skal etablere trepelletsfabrikk på Håbakken, heiter. Foto: Cubus. (Foto: Cubus)

Takka nei til å kjøpe aksjar i trepelletsfabrikk​

Årdal kommune var invitert til å kjøpe aksjar i Ecoinowaste AS, men takka nei. 

Årdal: Ecoinowaste AS er namnet på selskapet som SIMAS ønskjer å etablere på Håbakken i Lærdal. Målet er å etablere ein trepelletsfabrikk, der ein produserer energi basert på avfall og trevirke.

For at planane i det heile skal kunna realiserast, må det finansiering til. Prislappen på anlegget er på 150 millionar kroner.

– Dette er ein generell invitasjon som er sendt ut til alle eigarkommunane i SIMAS. Det er ikkje noko meir enn det. Me har invitert eigarane til å vere med, så enkelt er det, seier dagleg leiar i SIMAS og administrerande direktør i Ecoinowaste, Hallvard Thomassen, til Porten.no. 

Sa nei til kjøp av aksjar

Han vil ikkje seie noko om kor stor summar det er snakk om, men pengane er ein del av finansieringspakka som må til. Formannskapet i Årdal handsama saka bak lukka dører tysdag. Der bestemte dei seg for å seie nei til tilbodet.

– Det er heilt greitt. Det var ein invitasjon, så det er heilt i orden, seier Thomassen. 

Håpar på avgjerd før jul

Saka har skapt debatt i Lærdal, der naboar er skeptisk til plassering, støy og lukt. Reguleringsplanen er no ute på høyring, og truleg får ein ei avgjerd på den før jul.

– Det er vårt ønske. Me må vita kva me har å forholda oss til på tomta og om me får plassert anlegget der. Deretter ventar konsesjonssøknader og byggesøknader, så det er mange ting som skal på plass, seier Thomassen.

Porten.no fortalte først om etableringa i september, men allereie i sommar blei det klart at SIMAS skulle investere 150 millionar kroner, men då var det ikkje kjent kva det var snakk om. 

– Teknologien dreier seg om å gjere stasjonær energi som avfall om til transportabel energi i form av trepellets, som vert sendt til bioenergianlegg. Då kan me transportere han og køyre langt avgarde for å utnytte bioenergien, så dette er grønt skifte i praksis, har Thomassen tidlegare forklart.

Til toppen