SUKSESS: Finn Tokvam verkar å ha treft blink med Lothepus-biografien.
SUKSESS: Finn Tokvam verkar å ha treft blink med Lothepus-biografien. (Bilde: Poul Toft Iversen)

Tokvam-boka om Lothepus sel som berre det

Biografien om den populære TV-personlegdomen Leif Einar Lothe, betre kjent som Lothepus, er framleis ein bestseljar.

NPK-NTB: Biografien, som er ført i pennen av aurlendingen Finn Tokvam, har tittelen «Går det til helvete, så går det til helvete».

Totalopplaget er no oppe i 43.000 eksemplar og toppar bestseljarlista for andre veka på rad.

SEL GODT: Politisk ukorrekt med røyk i kjeften har Lothepus-biografien inntatt førsteplassen på bokhandlernes bestselgerliste.
SEL GODT: Politisk ukorrekt med røyk i kjeften har Lothepus-biografien inntatt førsteplassen på bokhandlernes bestselgerliste. Foto: Samlaget

– Det er ikkje overraskande at folk lar seg fascinera av Lothepus sine historier. Det gjorde eg òg då eg skreiv boka. Men det som verkeleg gler meg, er tilbakemeldingane frå mange som òg finn trøyst og inspirasjon i boka, seier Tokvam i ei pressemelding.

Tidlegare har han også uttalt:

– Det er banning, røyk, alkohol og dynamitt, men det er så mykje meir òg.

Mange bokmeldarar har likt boka godt og frå Klassekampens kritikar heitte det blant anna: «Årets artigaste bok med god margin, full av livserfaring som den oppveksande slekta sårt kan trenga».

Leif Einar Lothe er ifølgje Samlaget både entreprenør, sprengjar, maskinist, songar og TV-kjendis. Han vann realityserien «Farmen kjendis» i 2017 og mange kjenner han også frå dokumentarserien «Fjorden Cowboys».

Til toppen