UNDER SNITTET: Ifølgje leiar i Sogn og Fjordane Bondelag ligg inntekta per årsverk for eit mjølkebruk på Vestlandet rundt 35.000 under landssnittet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
UNDER SNITTET: Ifølgje leiar i Sogn og Fjordane Bondelag ligg inntekta per årsverk for eit mjølkebruk på Vestlandet rundt 35.000 under landssnittet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Tal syner at bonden i vest tapar samanlikna med landssnittet

No krev leiaren for Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, ei kraftpakke for landbruket på Vestlandet.

Fylket: Budsjettnemnda for jordbruket la 7. april fram tal som syner inntektsutviklinga i jordbruket. Dette talmaterialet utgjer eit viktig grunnlag for årets jordbruksoppgjer.

– Sogn og Fjordane har dei minste mjølkebruka i landet. Inntektsutviklinga for bruk under 20 kyr er nærast fråverande. I fylket vårt er gjennomsnittsbruket på 18-19 kyr, seier Felde.

Han forklarar at årsaka til skeivheita skuldast at Vestlandet har mange små bruk og at grepa regjeringa gjorde i 2014 sørga for at pengar vart flytta frå dei små til dei store. I tillegg er det vanskelegare å drive effektivt på Vestlandet med utfordrande natur.

– Grasareala våre er framleis like våte og bratte. Det gjer at gardsarbeidet tek lengre tid enn andre plassar i landet.  

Må prioritere små og mellomstore bruk

Felde fortel at inntekta per årsverk for eit mjølkebruk på Vestlandet ligg cirka 35.000 kroner under landsgjennomsnittet.

– Det går ikkje an, me ønskjer ein kraftpakke som gjer økonomien for vestlandsbonden betre.

Difor meiner han at jordbruksoppgjeret må prioritere dei små og mellomstore bruka dersom Vestlandet skal greie å halde produksjonen av mat oppe. Felde vil ha på plass midlar som rettar seg mot strukturverkemidla. Vidare ønskjer han eit geografisk retta verkemiddel som treff Vestlandet.

6. april la næringskomiteen på Stortinget fram si innstilling til jordbruksmeldinga.  Der slo fleirtalet fast at «inntektsmoglegheitene må vere tilstades innanfor ein variert bruksstruktur».

– Me forventar at dette blir fulgt opp i dei komande jorsbruksforhandlingane, avsluttar han.

Til toppen