KONSENTRERT: Teljekorpset i Sogndal er godt i gong med summeringsjobben. Om ikkje så alt for lenge vil dei første resultata vere klare.
KONSENTRERT: Teljekorpset i Sogndal er godt i gong med summeringsjobben. Om ikkje så alt for lenge vil dei første resultata vere klare.

Tala er klare: Ja i Sogndal, nei i Aurland​

Vallokala er stengde og stemmene er talde opp. Medan innbyggjarane i Sogndal stort sett er positive til kommunesamanslåing, er stemninga motsett i Aurland.

Sogndal: Både i Sogndal og Aurland er valresultata klare. Porten.no er på plass i Sogndal og vil komme med reaksjonar på innbyggjarane sin dom.

I Sogndal seier 61 prosent av innbyggjarane ja til kommunesamanslåing, medan i Aurland er 84,1 prosent i mot.

Klar melding frå folket i Aurland

Det er innbyggjarane i dei sju kommunane Gulen, Balestrand, Sogndal, Vik, Leikanger, Høyanger og Aurland som skal seie si meining i kveld. Vi vil først og fremst konsentrere oss om resultata frå Sogndal og Aurland.

KLAR TALE: Ordførar i Aurland har fått eit klart svar frå innbyggjarane om at dei helst vil greie seg åleine.
KLAR TALE: Ordførar i Aurland har fått eit klart svar frå innbyggjarane om at dei helst vil greie seg åleine.

I Aurland er det eit overveldande fleirtal mot samanslåing. Heile 81,4 prosent av folket vil halde fram som før. Berre èin krins med grenser mot Voss skilte seg ut i motsett retning: i Skjerping stemde 70,6 prosent av innbyggjarane for samanslåing med Voss og Vik. Medan i den største krinsen i sentrum, Vangen, var det heile 90,5 prosent av innbyggjarane som ville halde fram som eigen kommune. 

– Det gir oss ei klar melding frå innbyggjarane og det rådet trur eg nok kommunestyret vil følgje. Eg er glad for å ha fått eit tydeleg svar, seier ordførar i Aurland, Noralv Distad.

Låg valdeltaking i Sogndal

I Sogndal har 61 prosent av innbyggjarane sagt ja til samanslåing, der alternativet som inkluderer Leikanger, Luster, Sogndal og Balestrand er det mest populære. Valdeltakinga er på 25 prosent.

FEKK JA: Jarle Aarvoll får presentert resultata frå rådmann Jostein Aanestad.  
FEKK JA: Jarle Aarvoll får presentert resultata frå rådmann Jostein Aanestad.  

– Dei som har vald å nytte seg av røysteretten har gitt oss politikarane eit relativt klart råd. Det skal vi ta med oss fram til eit vedtak i kommunestyret i juni, seier ordførar Jarle Aarvoll. 

Politikarane i Luster har sagt frå at dei vil stå åleine, medan årdølene og lærdølene ikkje har greidd å forhandle fram noko alternativ å stemme over. To ordførarar derifrå hadde likevel funne vegen til Sogndal for å følgje valvaka.

– Det eg er mest spent på, er om resultata viser ei klar vilje i folket til å gå for samanslåing. Då får det konsekvensar, også for oss, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.

– Det er ingen tvil om at det er spanande å følgje med på kva som skjer i nabokommunane, som vi samarbeidar godt med, seier ordførar i Luster, Ivar Kvalen.

SPENTE ORDFØRARAR: Dei har ikkje avstemming i sine heimkommunar, men ordførarane Ivar Kvalen og Jan Geir Solheim er likevel på plass i Sogndal for å følgje valvaka.
SPENTE ORDFØRARAR: Dei har ikkje avstemming i sine heimkommunar, men ordførarane Ivar Kvalen og Jan Geir Solheim er likevel på plass i Sogndal for å følgje valvaka.

 

 

Til toppen