KULTURELL SKULESEKK: Fredrik Høstaker frå Førde og Jostein Avdem Fretland frå Lærdal er ein del av Den kulturelle skulesekken med monologmusikalen «Kom heimatt, gut». Foto: Mariell Øyre. 
KULTURELL SKULESEKK: Fredrik Høstaker frå Førde og Jostein Avdem Fretland frå Lærdal er ein del av Den kulturelle skulesekken med monologmusikalen «Kom heimatt, gut». Foto: Mariell Øyre. 

Talenta kjem heimatt med skulesekken​

«Kom heimatt, gut» med Fredrik Høstaker og Jostein Avdem Fretland er eit av mange innslag i Den kulturelle skulesekken for elevane i fylket.

Indre Sogn: I årets kulturelle skulesekk vil dei kunne by på dans, eksotisk musikk, scenekunst, visuell kunst og litteratur. Det får koordinator for Den kulturelle skulesekken til å gni seg i hendene.

– Me er svært glade for å kunne tilby eit godt og variert program i skulesekken kommande skuleår. Både dans, visuell kunst, teater, musikk og litteratur har fått plass. I år er det ekstra kjekt å ha fått på plass mange unge kunstnarar frå fylket, seier Øyvind Høstaker.

To av desse er Fredrik Høstaker frå Førde og Jostein Avdem Fretland frå Lærdal. I monologmusikalen «Kom heimatt, gut» kjem dei tilbake til heimfylket med eit teaterstykker der eit sentralt spørsmål er om det er mogleg å leve av draumen på bygda.

Thea Hjelmeland til Sogn

Men dette er berre ein liten del av eit fullstappa program, som mellom anna Spellemannprisvinnar Thea Hjelmeland er ein del av. Saman med bandet sitt skal ho spela for elevar i ungdomsskulen i Sogn og på alle vidaregåande skular i fylket.

Den unge artisten frå Førde har hatt stor suksess med sine plateutgjevingar, der den siste plata «Solar Plexus» fekk strålande kritikkar og også Spellemannpris for beste indie-plate.

Elles får dei yngste elevane i Sogn sjå danseframsyninga «Dans vêret», som er basert på boka «Når det regnar i Afrika» av Erna Osland. 

Tango på trekkspel

Sogn får besøk av «Fantasiatango»  der finske Johanna Juhola Trio spelar tango med trekkspelet som drivkraft, både rytmisk og utadvent og melankolsk og sørgmodig.

Elevar i den vidaregåande skulen får sjå aktuelt teater mellom anna i «Do not feed the trolls» med Collectif Krumple, og førdinanaren Oda Kirkebø Nyfløtt i spissen. Stykket tek føre seg råskapen, skadefryden og idiotien hos nettrolla, som mange unge møter dagleg.

– Anten du bur på Bulandet eller i Årdal, går første år på grunnskulen eller siste år på vidaregåande, så vil skulesekken dukke opp med spennande og gode kulturopplevingar på din skule, er konklusjonen frå Høstaker.

Til toppen