Lærdal: – Eg synst ikkje eg skaut så bra sjølv, men lag-gullet redda dagen, seier Jon-Hermann Hegg frå Lærdal, som allereie er vel heime etter konkurransen.
I junior-VM i skyting i Sør-Korea tidlegare i månaden var han med å ta gull for Norge i liggandeøvinga på 50 meter rifle. Individuelt landa han på ein 12. plass, i dei fleste sin målestokk eit knallsterkt resultat.
– Eg har kanskje litt store forventingar til meg sjølv, seier Hegg.
Leia etter første stilling
I matchskytinga, der det er fire seriar kvar i liggande, kne og ståande, vart Hegg beste norske skyttar med ein 18. plass. I lagkonkurransen heldt det til ein plass rett utanfor pallen.
– Eg starta bra og leia etter første stilling, men mista det på ligg, seier Hegg, som trur han feiltolka vinden i dei vanskelege forholda.
– Eg fant ikkje heilt ut av kva eg dreiv med, seier han.
Han skaut igjen bra på ståande, men svikten på liggande øydela for ein finaleplass.
– Det har tidlegare vore den beste stillinga mi, men i VM var det motsett. Det var litt surt, seier Hegg.
Satsar vidare
På 10 meter luftrifle enda han på 31. plass, medan laget vart nummer tolv.
– Det var greit, det var ikkje der eg hadde største forhåpning. Eg leia faktisk luft etter dei første skudda òg, seier Hegg.
I fjor fekk han eit lag-sølv i sitt første VM. Slik sett var gullet eit steg i rett retning. No blir det å satsa fram mot VM til neste år, hans siste som junior.
Då blir ambisjonen å henta heim ein individuell medalje, gjerne av det edlaste slaget.
– Det er planen, ja, seier Hegg.