KRAFTIG AUKE: Barnetrygda er i dag på 970 kroner i månaden. Vibeke Johnsen i SV ser at den helst blir dobla etter valet i år. Foto: arkiv
KRAFTIG AUKE: Barnetrygda er i dag på 970 kroner i månaden. Vibeke Johnsen i SV ser at den helst blir dobla etter valet i år. Foto: arkiv (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Talet fattige barn aukar òg i Sogn – ho vil doble barnetrygda​

Vibeke Johnsen i Sogndal SV ser helst at barnetrygda blir meir enn dobla.

Sogndal: Det er 346 barn i fattige familiar i Indre Sogn og talet aukar prosentvis i alle kommunane utanom Luster (sjå tabellen lenger nede i saka). Likevel er andelen fattige barn lågare her enn landssnittet på ti prosent.

– Bak alle tala står det eit barn. Difor tykkjer eg det er alvorleg og viktig å snakke om, sjølv om våre tal er lågare enn landssnittet og sjølv om fattigdom i Norge er noko anna enn i land med lågare inntekt og enno større forskjellar mellom folk, seier Vibeke Johnsen i Sogndal SV.

Les også: Dei vil ha fleire innvandrarar i arbeid

Viktig løfte i valkampen

Statistikken viser at det er flest fattige barn i familiar med èin forsørgar og i familiar med mange barn. Ifølgje Statistisk sentralbyrå er barn med innvandrarbakgrunn kraftig overrepresenterte, også i våre kommunar.

Vibeke Johnsen meiner god inkludering, fleire heile faste stillingar og auka løn i kvinnedominerte yrke er grep som kan hjelpe til å stoppe den uheldige utviklinga.

– Men det er strukturelle ting vi ikkje får på plass over natta, difor er det viktig å gjere noko som verkar på kort sikt. Vi i SV har føreslått å gje barnetrygda eit kraftig løft. I tillegg vil vi ha auka tillegg for dei med tre eller fleire barn og for dei som er åleine med omsorga. Det vil gje eit økonomisk løft til fattige familiar her og no, seier Johnsen.

– Kva meiner du med «eit kraftig løft»?

– Det må i allefall vere snakk om ei dobling, men vi har ikkje sett noko eksakt tal. Høgare barnetrygd er eitt av fem hovudkrav vi vil ha gjennomslag for etter valet. Då må det vere rom for forhandlingar, seier ho.

Talet barn i familiar med vedvarande låg inntekt

Kvar Tal barn (2015) Andel fattige barn (2013) Andel fattige barn (2015)
Balestrand 20 6% 9.6%
Leikanger 33 4.8% 7%
Vik 34 6.2% 7.2%
Sogndal 122 5% 8.2%
Luster 74 7.8% 7.4%
Årdal 30 1.6% 3.4%
Lærdal 15   4.1%
Aurland 18 3.8% 6.4%
Norge: 98 200 8.6% 10%
Til toppen