AUKE: Talet på heilt arbeidsledige personar i Sogn og Fjordane har auka i januar samanlikna med same månad i fjor, fortel NAV. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
AUKE: Talet på heilt arbeidsledige personar i Sogn og Fjordane har auka i januar samanlikna med same månad i fjor, fortel NAV. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Arkiv)

Talet på arbeidsledige i fylket har auka

Samanlikna med januar i 2015 er det 156 fleire arbeidsledige i Sogn og Fjordane.

Årdal/Lærdal: Det fortel ferske tal frå NAV Sogn og Fjordane. Totalt er det 1416 personar heilt utan arbeid i fylket ved utgangen av januar.

– Auken er ikkje større enn me hadde venta og råkar spesielt menn i oljerelatert verksemd, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

Dette gir seg størst utslag i kommunane Flora, Høyanger, Hyllestad og Førde, som til saman har ein auke på 174 ledige. Samstundes har ni kommunar reduksjon i arbeidsløysa i januar.

Liten nedgang i Årdal

Årdal er ein av desse kommunane. Her er det fem færre arbeidsledige samanlikna med januar i fjor, noko som gjer at det er 55 heilt arbeidsledige i kommunen. Dette tilsvarar to prosent av arbeidsstyrken og er under snittet for fylket på 2,5 prosent.

Den største reduksjonen finn ein i Bremanger og Vågsøy med høvesvis 37 og 27 færre ledige enn på same tid i fjor. Dette skuldast færre permitteringar frå fiskeindustrien. 

I Lærdal er det ein liten oppgang på åtte prosent, noko som tilsvarar to personar. Her er det totalt 26 personar utan arbeid. Dette tilsvarar 2,6 prosent av arbeidsstyrken. 

Mange ledige jobbar

NAV fortel at det er flest nye ledige innan industri, bygg og anlegg og at er flest menn som er ledige. Dette skuldast at auken har vore størst innan mannsdominerte yrke. 

Samstundes er det mange ledige stillingar i fylket. Totalt er det 634 nye stillingar registrert i januar, ein auke på 44 prosent frå i fjor. For Årdal og Lærdal er tala på 17 og 16 ledige stillingar. 

– Dette viser at det framleis er gode moglegheiter for å skaffe seg jobb i Sogn og Fjordane. I tillegg til dei utlyste stillingane, er det minst like mange stillingar som ikkje er lyst ut offentleg, seier Thorsnes.

Til toppen