REDDE FOR ULUKKER: I politiet si innbyggjarundersøking for 2016 kjem det fram at 32 prosent av innbyggjarane er urolege for  å bli utsette for trafikkfarlege hendingar. ​Foto: (Illustrasjon). 
REDDE FOR ULUKKER: I politiet si innbyggjarundersøking for 2016 kjem det fram at 32 prosent av innbyggjarane er urolege for  å bli utsette for trafikkfarlege hendingar. ​Foto: (Illustrasjon). 

To av dei fire som døydde i trafikken i fylket i 2017 var syklistar

Sogn og Fjordane hadde same tal omkomne i trafikken i 2017 som i 2016, fire.

Trafikktryggleik: Fire personar omkom på vegane i Sogn og Fjordane i 2017. 

21. mars var det ein 87 år gamal syklist i Lærdal kommune som vart påkøyrt inne i tunnelen mot Erdalen. 

8. april omkom ein 80 år gamal mann i ei møteulykke i Flora kommune. Han kom over i møtande køyrebane og trefte ein bubil.

9. juli hende det ei møteulykke inne i Lærdalstunnelen der ei kvinne på 57 år omkom. Ho kolliderte med ein buss. 

19. juli var det ein mannleg syklist på 48 år i Stryn som kom i høg fart rundt ein sving.  Han sykla inn i ein bosbil som stod parkert i vegkanten med blinkande lys rett rundt svingen, og omkom.

Ei dødsulykke som ikkje kom med i fylkesstatistikken, var ulykka den 16. oktober i Nakkagjelstunnelen nært Voss. Ein buss frå Nettbuss kolliderte med ein lastebil, og bussjåføren omkom. 62-åringen var frå Sogndal kommune. 

Ei anna ulykke som ikkje kom i statistikken over omkomne i det heile, var ein ung mann på 19 år som døydde 110 dagar etter at han vart innlagt på St. Olavs hospital i Trondheim. Det var etter ei møteulykke den 30. mai. Ho skjedde etter ei forbikøyring på vegen mellom Førde og Florø, nært Førde. Sidan ungdomen døydde meir enn hundre dagar etter ulykka, vart det ikkje registrert som ei dødsulykke hjå SSB, sjølv om det i røynda var det. 

Færre omkom på vegane i Noreg samla

Også i år var det fleire enn hundre menneskeliv som gjekk tapt på norske vegar. 106 personar omkom i fjoråret, medan 135 personar gjekk bort på vegane året før. Tjue av dei omkomne i 2017 var mjuke trafikantar. 

Sjølv om det samla talet på omkomne i trafikken framleis er stort, har det ikkje vore so få trafikkofre i landet sidan 1947.

– Me er langt ifrå i mål. Sjølv om bilane stadig vert sikrare og vegane betre, møter me nye utfordringar. Og me får fleire trafikantar med høg ulukkesrisiko, seier Jan Johansen, direktør i Trygg Trafikk. 

FLEIRE OMKOMNE I DESEMBER: Tolv personar omkom i trafikkulykker denne desembermånaden. Nesten 75% fleire omkom på vegane i julemånaden enn månadssnittet for året. Bilde: Trygg Trafikk

Han tenkjer då særleg på at det vert fleire eldre på vegane både som sjåførar og fotgjengarar og fleire trafikantar frå andre trafikkulturar. 

For høg fart etter køyretilhøva tek framleis mange liv

For høg fart etter køyretilhøva, køyring i ruspåvirka tilstand, manglande bruk av bilbelte og uoppmerksame sjåførar er dei vanlegaste medverkande årsakene til dei mest alvorlege trafikkulukkene.

Trygg Trafikk opplyser vidare at Ny Nasjonal transportplan for 2018-2029 vidarefører visjonen om null drepne i trafikken. Etappemålet er at det maksimalt skal vera til saman 350 omkomne og hardt skadde i trafikken i 2029.

Dei fleste omkomne eldre enn førti år

Vaksne menn eldre enn førtifem år er særskilt overrepresenterte på statistikken. 

– Dei køyrer ofte både langt og mykje og dette pregar nok statistikken. Ein del av dei har truleg òg teke med seg trafikkåtferda frå 1980-tallet inn i vaksen alder. Dei køyrer gjerne litt for fort og tek større sjansar i trafikken, seier Johansen.

Særleg sterk nedgang i talet på omkomne blant unge

Ved utgangen av året hadde 13 unge mellom seksten og 24 år omkome i trafikken. Det er nesten ei halvering frå 2016 då 24 unge i same alder miste livet og 128 vart hardt skadde. 
– Unge bilførarar har tidligere vore sette i samband med risikoåtferd i trafikken. Det er mykje som tyder på at dette er i endring og at færre unge køyrer for fort, rusa og utan belte. Unge tar rett og slett smartare val i trafikken enn før, seier direktør Johansen. 

Han legg òg vekt på at trafikkopplæringa i Noreg har vorte betydeleg betre dei siste ti åra, og i dag er ho truleg den beste i verda, trur han. 

Til toppen