FRAMGANG: Fleire elevar i Sogn og Fjordane kvalifiserte seg for vidare opplæring i 2016 enn åra før, viser tal frå fylkeskommunen. Foto: arkiv.
FRAMGANG: Fleire elevar i Sogn og Fjordane kvalifiserte seg for vidare opplæring i 2016 enn åra før, viser tal frå fylkeskommunen. Foto: arkiv.

Talet strykkarakterar i Sogn og Fjordane er nesten halvvert​

Tett oppfølging gir resultat, ifølgje fylkeskommunen.

Leikanger: I 2016 var det 126 elevar i Sogn og Fjordane som måtte opp til ny eller særskild eksamen på grunn av karakteren 1 på eksamen eller i standpunkt. Dette er ein klår nedgang frå året før, då 216 elevar måtte ha ny eksamen, og i 2014, då talet var 235, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Ei av årsakene til nedgangen kan vere at dei vidaregåande skulane kvart år må vurdere tiltak for elevar som står i fare for å ikkje kvalifisere seg til vidare opplæring.

– Dei vidaregåande skulane har i fleire år hatt særskild merksemd på elevar som ikkje kvalifiserer seg for vidare opplæring. Då er det gledeleg å sjå at arbeidet gjev resultat, seier assisterande fylkesdirektør for opplæring, Tor-Einar Holvik Skinlo.     

Les også: Rektoren ser fram til opning av nytt skulebygg
Les også: Håpar nytt kjøkken skal få fart på matfaget i Sogndal
 
Også talet på elevar som ikkje møtte til utsett eksamen har gått kraftig ned. Berre sju elevar møtte ikkje opp i fjor, mot 66 (2015) og 83 (2014) åra før.
 
Og blant dei som var oppe til – og møtte til – ny eller særskild eksamen, så var det fleire som bestod eksamen, 56 prosent i 2016, mot 39 og 34 prosent åra før. Dette kan mellom anna skuldast at skulane har lagt til rette for ekstra opplæring og oppfølging.
 
– Dette syner at vi har treft nokon av dei viktigaste målgruppene våre, dei som risikerer å gå ut av vidaregåande opplæring utan å vere kvalifiserte for vidare skulegang. Målet vårt er å ha den beste opplæring i landet – for alle, slår Skinlo fast.

Til toppen