ÅRDALSTANGEN-LAGET: F.v. Jørgen Asperheim, Aurora Hatlelid Holsæter og Håkon Myklebust Valaker. Dei har akkurat forlate klasserommet, der dei hadde matteprøve, og er på veg mot det improviserte quiz-studioet på Tangen skule.
ÅRDALSTANGEN-LAGET: F.v. Jørgen Asperheim, Aurora Hatlelid Holsæter og Håkon Myklebust Valaker. Dei har akkurat forlate klasserommet, der dei hadde matteprøve, og er på veg mot det improviserte quiz-studioet på Tangen skule. (Foto: Snorre Sandemose)

Kunnskapsrike årdøler imponerte i klassequizen, men vart felte då det dukka opp eit spørsmål om fastelaven

Årdalstangen-laget gjorde ein god figur i klassequizen, og svara rett på nesten alle spørsmåla. Torsdag kan du høyra dei på radioen.

Årdal: – Det gjekk litt betre enn eg hadde trudd. Aurora hadde håpa på ti poeng, men eg trudde ikkje me kunne greia det. Eg trudde spørsmåla skulle vera endå vanskelegare, seier elev Jørgen Asperheim, ein av dei tre som representerte Årdalstangen skule i årets Klassequizen.

Men Aurora Hatlelid Holsæter fekk rett, for tiandeklassingane klara nesten alle spørsmåla som NRK hadde handplukka til dei. Men kringkastinga fekk lurt dei ut på glattisen nokre gonger.

To gonger hamna elevane i djup tvil om kva dei skulle svara, og båe gongene var dei so uheldige å ramla ned på feil svar.

– Det var sjokkerande at me kunne ta feil av fastelaven, seier Håkon Myklebust Valaker. 

Fastelaven er alt i februar. Ingen på laget hadde høyrt snakk om denne gamle fastetradisjonen no i det siste, og gissa dermed på at merkedagen måtte vera lenger fram i tid, i april.

I morgon skal dei høyra NRK-innslaget i fellestime på skulen

Jørgen Asperheim fortel på telefon frå Tangen skule at det var veldig moro å vera med.

Etter skuledagen i dag ser dei fram til å høyra opptaket til NRK på radioen. Og i morgon skal dei høyra gjennom sendinga ein gong til på skulen saman med dei andre i klassen.  

Det er ei god blanding forskjellige spørsmål som kan koma i klassequizen. Det kan vera ting dei har lært på skulen, og elles alt mellom himmel og jord. Dei kan få spørsmål om stjernehimmelen, eller om stjerner frå Hollywood.

Porten.no spurde dei, før dei skulle til dyst, om kva dei ynskte å verta utfordra i. Valaker, som er særleg oppteken av andre verdskrig, svara historie. Asperheim håpa på naturfagsrelaterte spørsmål, medan Holsæter ville setja pris på gåter av meir matematisk karakter. 

Alle ynskjer dei seg til fylkesfinalen, men ingen av dei tykkjer det er veldig viktig.

– Det går no litt ut på eitt, sa Asperheim, medan dei endå venta på at NRK skulle koma. 

Fylkeskringkastinga sender innslaget på radioen torsdag klokka 15.00, og seinare kan ein høyra det om ein går inn på nettsidene deira.

Til toppen