KONTROLL: Før 4. klassingane fekk sykla måtte alle stille til kontroll hjå politiet, noko mange synast var spanande.
KONTROLL: Før 4. klassingane fekk sykla måtte alle stille til kontroll hjå politiet, noko mange synast var spanande. (Foto: Sunniva Knutsen)

Tangen skule arrangerte sykkeldag i solskinet: – Det var nok litt nervar

4.klassingane på Tangen skule fekk testa ferdigheitene sine på to hjul i strålande solskin.

Årdalstangen: Det var spente 10-åringar som prøvde seg igjennom hinderløypa i dag. Dei var blant anna utfordra til å sykle sikk-sakk mellom kjegler og over ein vippeplanke. 

– Det var veldig kjekt med sykkeldag! Det var ikkje vanskeleg i det heile, seier dei fornøgd, vel i mål. 

Med ny sykkelhjelm frå Årdal Tenk Tryggleik, måtte kvar og ein stille til kontroll av sykkelen sin hjå politibetjentar Frida Nordem Føleide og Sander Sekkingstad Terum, før dei fekk testa løypa.

Sykkeldag, Tangen Skule
KONTROLL: Før 4.klassingane fekk sykla, måtte dei stille til kontroll hjå politibetjentar Frida Nordem Føleide og Sander Sekkingstad Terum. Foto: Sunniva Knutsen

Elevane står på rekke, og på alle syklar vart hjul, dekk, sete, styre og refleksar grundig sjekka. Det verkar som at det er spanande å ha besøk av politibetjentar på skulen. 

GRUNDIG: Politibetjent Sander Sekkingstad Terum sjekkar av punktene på lista. Foto: Sunniva Knutsen.

– Det vil bli sendt nokre beskjedar heim til foreldra, men det er berre småting. Nokre lykter manglar batteri, og nokre må ha litt meir luft i dekka, slike ting, seier Frida Nordem Føleide. 

Det er første gongen ho har vore med som sykkelkontrollør, men ho synast det har vore veldig kjekt

Under kontrollen lurte fleire av ungane på om det var mange som ikkje hadde greid prøva, eller om det var nokre syklar som ikkje vart godkjende. 

– Det er tydeleg at ungane synes at det er her var moro. Dei var veldig spente, seier Sander Sekkingstad Terum (t.v). 

– Vippeplanken og bordet var det ekstra spenning rundt, legg Føleide til med eit smil. 

–Hyggeleg tradisjon

Tradisjonen tru, var det 10. klassingane ved skulen som har valfaget trafikk som arrangerte sykkeldagen i år også. 

Dei fortel at dei har arbeidd med førebuingane sidan april, og seier det heile har vore ei positiv oppleving: 

– Det har vore veldig kjekt å få jobbe saman med 4.klassingane. Vanlegvis er me meir adskilte, så det er ein hyggeleg tradisjon.

10.klassingane har arbeidd effektivt før den store dagen. Dei delte seg inn i grupper med ulike oppgåver; ei planla hinderløypa, ei laga diplom og kjøpte inn jus og ei hadde undervisning i trafikkreglar med 4.klassingane. 

Saman har dei to klassane øvd på å gjennomføra løypa, slik at dei skulle vera godt førebudde. 

Sissel Øy, kontaktlærar for 4. klasse, seier at elevane har øvd mykje og lenge, både med og utan 10.klasse. Og det har dei vist medan alle bestod prøva. 

KJEKT: Kontaktlærar Kari Lysne var tilstades på sykkeldagen.

Trafikk som fag

Ved Tangen skule får 10-klassingane velje trafikk som fag, som tilseier at alle får ta trafikalt grunnkurs i skuletida. Dei får også ansvaret for sykkeldagen. 

– Det verkar som at dei synes det er kjekt. Det er nok mange som likar at det er ein praktisk aktivitet, å leggje opp løypa, seier Kari Lysne, kontaktlærar for 10.klasse.

– Det er mange som er kjempebegeistra.

Til toppen