Årdal: Denne helga har det igjen vore trøbbel med renseanlegget på Årdalstangen, noko som har ført til nye svovelutslepp over bygda. Ifølgje tipsarar starta den gule røyken å stiga laurdag ettermiddag og heldt fram til midnatt. Søndag var det eit nytt utslepp, denne gongen kortare.
– Det har vore problem å sitta ute på grunn av dette. Det er tett røyk og ubehageleg å pusta, seier ein innbyggjar på Årdalstangen, som helst ønskjer å vera anonym.

Les òg: Trøbbel med renseanlegget på Hydro, Årdalstangen dekka i gul gass
Vil ta tak i problema
Fabrikksjef Wenche Eldegard for Hydro i Årdal stadfester utsleppa. Ho har vore på ferie og kjenner difor ikkje detaljane, men seier dei vil ta grep etter fleire utslepp på kort tid.
– Det har vore tre hendingar, men forskjellige årsaker kvar gong. Me har sett ned ei gruppe som skal finna ut av kva som kan gjerast. Me skal ikkje vera så sårbare, seier Eldegard.
Gruppa vart sett ned etter utsleppa førre helg. Då var det berre dagar sidan renseanlegget hadde streika på grunn av trøbbel med gasstilføringa til renseanlegget.
I tillegg til å setta av eigne ressursar, vil dei òg henta ekstern hjelp.
– Me gjer det me kan for å unngå at dette skjer igjen, seier Eldegard.
Eldegard: – Har forståing for at folk blir frustrerte
Som sist understrekar ho at utsleppa ikkje skal vera farlege for folk. Reaksjonar på sosiale medier viser at ikkje alle tek dei forsikringane for god fisk. Fleire etterlyser at problemet blir teke meir på alvor.
– Med så store overskudd som Hydro i Årdal går med, og med teknologisenteret som ligg her, så burde det vore forska og investert mykje meir i miljøførebyggande tiltak, er det ein som skriv.
Det er Miljødirektoratet som set grensene for kor mykje verksemdene har lov til å ureina. Trass dei siste hendingane, seier Eldegaard dei har ganske god margin før dei når grensene for kor mykje svovel dei kan sleppa ut totalt. Om utsleppa laurdag kan ha vore nære nokre grenseverdiar kan ho ikkje å svara på før ho har sett rapporten i etterkant.
– Men eg har uansett full forståing for at folk på Årdalstangen blir irriterte og frustrerte. Det er særs uheldig at dette har skjedd tre gongar på kort tid, seier Eldegard.