EINASTE UTLENDING BLANT MASKOTANE: Markus Rinde frå Årdalstangen (i blått, framfor Cahill, den blå kapteinen) var maskot for Chelsea då dei spela heime mot Stoke dagen før nyttårsaftan. Stoke hadde berre éin maskot. Markus og han spela Fifa på Play Station i VIP-sona før kamp. Like bak maskoten til høgre gjer tangingen sin favorittspelar, Alvaro Morata, seg klar til kamp.
EINASTE UTLENDING BLANT MASKOTANE: Markus Rinde frå Årdalstangen (i blått, framfor Cahill, den blå kapteinen) var maskot for Chelsea då dei spela heime mot Stoke dagen før nyttårsaftan. Stoke hadde berre éin maskot. Markus og han spela Fifa på Play Station i VIP-sona før kamp. Like bak maskoten til høgre gjer tangingen sin favorittspelar, Alvaro Morata, seg klar til kamp. (Darren Walsh)

Årdølen Markus (9) var ein av fire maskotar i blått då sjølvaste Chelsea spela på Stamford Bridge i Premier League

Han hadde vore i maskotkø heilt sidan han var tre dagar gamal. Drygt ni år seinare var det hans tur til å få vera maskot for favorittlaget. 

Årdal: Det var ein god kamp der favorittlaget til Markus Rinde frå Årdalstangen vann 5-0 på heimebane i London. 

– Men det kjekkaste var å møta på alle spelarane.

Markus var godt kjend med fjesa på Chelsea-laget, ettersom det alltid har vore favorittlaget hans. 

ATTMED DEN BRASILIANSKE STJERNESPELAREN WILLIAN: Markus, t.h., i garderoben før kampstart. Willian og dei andre stjernene på laget signerte ei kvit drakt som 9-åringen hadde med seg. Bilde: Darren Walsh, Getty Images

– Det var litt rart og på eit vis morosamt å sjå dei, for eg har berre sett dei på tv. Spelarane var hyggjelege. Dei stilte meg hyggjelege spørsmål på engelsk.  

Favorittspelaren til den unge årdølen er den målhungrige spanjolen Alvaro Morata. På Chelsea-drakta som guten hadde fått skaffa seg i forkant av kampen, var draktnummeret og etternamnet til Morata på ryggen.

«ALL THE WAY FROM ÅRDALSTANGEN»: Tusenvis av supporterar kunne kjøpa ei eiga kampavis, og eit stykke ut i heftet kunne dei lesa om maskotane. «Markus is nine years old and has come all the way from Årdalstangen in Norway.» Snorre Sandemose

Den spanske åtaksspelaren merka seg kanskje dette, og tok kontakt med Markus i garderoben før kamp. Dei prata på engelsk saman.

Morata var den spelaren han snakka mest med før både Markus og spelarane skulle ut på bana og ta i mot den forventningsfulle jubelen frå kring 40 000 tilskodarar.

Faktisk kunne Markus ha snakka norsk i garderoben òg, med dansken Andreas Christensen. Men han gløymde det heilt bort då han fekk snakka med idolet sitt. 

Reservekeeperen til Chelsea er ein skøyar

Den portugisiske tredjekeeperen til Chelsea, Eduardo, tulla mykje med maskotane. Han  gav dei ein venskapleg klem innimellom oppvarminga før kamp og han gav dei high five og fór med ablegøyer.

Brått sprang han forbi Markus og dei andre maskotane og heilt bort til dei elleville tilskodarane, og so gav han frå seg hanskane sine. Og han helsa på nokre tilskodarar som sat heilt fremst, og so sprang han inn att på bana igjen og varma opp vidare.  

ATTMED CHELSEA-KAPTEINEN: Markus, t.v, attmed Chelsea sin kaptein Gary Cahill. Den andre fotballspelaren på biletet, Eduardo dos Reis Carvalho, er reservekeeperen til Chelsea. Han var den som skøya mest av spelarane fram mot kampstart.  Bilde: Darren Walsh, Getty Images

Spesielt å ha den rolla 

Rett før domaren skulle blåsa i startfløyta, sprang fleire av spelarane bort til tangingen og dei andre maskotane og gav dei high five. 

DETTE ER IKKJE PÅ STADION: Her er Markus heime på Tangen, på rommet sitt. Eine veggen har fått påmåla Chelsea-tribunna so realistisk at ein skulle tru me var ved Stamford Bridge.  Bilde:Snorre Sandemose

Då hadde han alt fått gå ut på bana hand i hand med Thibaut Courtois, den ruvande, nesten to meter høge belgiske stjernekeeperen til Chelsea.

Og han og dei andre maskotane fylgde kaptein Gary Cahill ned til dommaren når han skulle kasta mynt for å sjå kven som skulle sparka ballen fyrst. Markus handhelsa jamvel på domarane. 

– Det var kjekt å vera maskot, og veldig rart. Eg har sett maskotane på tv, og so no fekk eg sjølv vera det på ekte. 

Far har vore meir trufast Chelsea-tilhengjar enn dei fleste

I dag er Chelsea eit av verdas mest pengesterke lag, etter at den russiske milliardæren Roman Abramovitsj kjøpte seg inn i klubben i 2003.

Før det, derimot, var det eit av dei mindre viktige laga frå London i Premier League, og det var høvesvis få norske supporterar som brydde seg med klubben. 

CHELSEA-ENTUSIASTAR: Ronny og Markus Rinde heime i uthuset på Tangen, tre dagar etter fotballkampen den andre nyttårsdag.  Bilde:Snorre Sandemose

Far til Markus, Ronny Rinde, har vore Chelsea-tilhengjar i over tre tiår, og vore med i supporterklubben til Chelsea om lag like lenge. Og korkje far eller son er medgangssupporterar, dei står last og brast med laget sitt. 

Og no fekk klubben yta litt: Ikkje berre fekk Markus vera maskot, heile familien fekk koma gratis på kamp òg. 

Har med seg fint minne heim

Markus hadde med seg ei kvit Chelsea-drakt, bortedrakta, inn i Chelsea-garderoben før kamp. Det var lurt, for no er det lett å sjå alle autografane på drakta. Alle spelarane i garderoben signerte. 

– Eg skal ramme inn drakta og ha ho på veggen. 

Til toppen