STENGT: Fjærlandstunnelen er stengt etter at ein tankbil lasta med diesel har velta inne i tunnelen. Politi, brannvesen og helsepersonell har rykka ut til staden.
STENGT: Fjærlandstunnelen er stengt etter at ein tankbil lasta med diesel har velta inne i tunnelen. Politi, brannvesen og helsepersonell har rykka ut til staden. (Foto: Oddleif Løset / NRK)

Tankbil velta ved Fjærlandstunnelen, diesellekkasjen er stoppa

Klokka 15:30 tysdag ettermiddag fekk Vest politidistrikt melding om ein tankbil lasta med diesel som hadde velta på riksveg 5.

Sogndal / Jølster: Ulukka skjedde mellom Fjærlandstunnelen og Støylsnestunnelen, der tre vogntog er involverte, opplyser operasjonsentralen ved Vest politidistrikt.  

– Det er store materielle skadar på to av bilane, og ein person er lettare skadd, sa operasjonsleiar Tatjana Knappen, ved Vest politidistrikt til NRK, som først omtala saka. 

Rett før klokka 17 melder politiet på Twitter at diesellekkasjen er stoppa og at det har kome minimale utslepp.

Kokka 20 melder politiet at vogntogene er flytta ut av vegbana, og at ein pumpebil skal tømma den velta tankbilen før den kan bli henta av bilberger. Dei antyder at tømminga vil ta mellom to til tre timar. 

Det vil bli innført kolonnekøyring klokka 20:30.

Til toppen