Sogndal: Ulukka skal ha skjedd inne i Stedjebergtunnelen på riksveg 55 i Sogndal.
Lastebilen sin hengar skal ha inneheldt diesel. Klokka 11:20 melde politiet at det var lekkasje av diesel, noko dei avkrefta klokka 11:23. Tilhengaren hadde velta.
Klokka 11:33 melder politiet at dei har kontroll på staden.
Klokka 14:34 melde Vegtrafikksentralen at det er manuell dirigering på staden, og det har vore stengt i korte periodar for å fjerna tilhengaren frå tunnelen.
Lastebil med hengar
I første melding omtalte politiet det som ein tankbil, men i siste melding skriv dei at det var ein lastebil med tilhengar lasta med diesel som var involvert i ulukka.
Vidare opplyser politiet at bilberging vil ta tid. Og det var redusert framkome på staden.
Stedjebergtunnelen er ein kilometer forbi Sogndal sentrum og går i retning Leikanger.
Vegtrafikksentralen opplyser at tankbilen som mista hengaren står på utsida av tunnelen på Leikangersida. Naudetatane tømmer området for trafikk.