Høyanger: – Det var litt tilfeldig at vi hamna her. Det er ikkje lett å finne to ledige tannlegestillingar på same plass samtidig. Då vi såg at det fanst her, søkte vi, fortel Katrine Roska Nymoen.

Tannlegeparet flytta til Høyanger då dei fann to ledige stillingar
Han kjem frå Barcelona og ho kjem frå Vadsø, men dei slo seg ned midt mellom då begge fekk høve til å praktisere yrket på den offentlege tannklinikken i Høyanger.