Tap for både ÅFK og Fjøra

Tap for både ÅFK og Fjøra

- Det var ein fortent seier.

Det gjekk dårleg for både ÅFK og Fjøra i dagens kampar.

 - Det var ein fortent seier. Men me hadde mange gode sjansar med to skot i Tverliggaren, seier Ivan Øy etter kampen.

 

Skedsmo – Årdal FK

Kampen starta med at Medim Shurdiqi scora på første minutt.
ÅFK følte seg snytt for straffespark men dommaren meinar han vart fellt like utanfor 16 meteren. Frisparket vart farleg da Truls Hovland fekk innlegget og bankar ballen i tverliggaren.

 -  Me gjer ein grei kamp, men dei blir for sterke i lufta. Seier Øy.

Shurdiqi scorar igjen 29 minutt inn i kampen.
Åfk skapar mange småsjansar men manglar det siste. Truls Hovland er spelaren som nokk ein gong susar ballen i tverliggaren.

Etter pausen prøver ÅFK å kopiere Skedsmo med å gå rett i angrep men mislykkas.

 - Me kunne scora, hadde me berre fått spelarane opp på bana.

Lars Jørgen Mork scorar det tredje målet for Skedsmo. Og ÅFK spelarane skjønnar at det blir vanskeleg å komme tilbake i kampen.

Det fjerde og siste målet kjem etter ein kontring der Cristoffer Blix kjem aleina med keeper.

 - Me var uheldige med dagens kamp, seier Øy.

 

Fjøra – Træff

 - Det var ein jamn kamp der spelarane spelt bra.
 - Eg har ingen grunn til å klage på spelarane.  Seier Fjøra trenar Håvard Hatle.

Kampen enda med stillinga 2-0 til Træff. Men Håvard meinar det var fortent.

 - Me må ha godt mot framover.

Til toppen