TØFFE TIDER: Ein tøff marknad, og synkande prisar, pressar resultata på metallverka i Sogn.
TØFFE TIDER: Ein tøff marknad, og synkande prisar, pressar resultata på metallverka i Sogn. (Foto: Hydro Aluminium Årdal)

Hydro-tala i Årdal dei verste sidan finanskrisa

Det var eit tøft fjorår for aluminiumsverka i Sogn. Ein svekka marknad i Europa og låge metallprisar får skulda.

Årdal/Høyanger: Hydro presenterte fredag rapportar frå fjerde kvartal, som viser at metallverka i Sogn begge gjekk i minus i 2019.

Verst var tapet i Årdal, der underskotet hamna på 102 millionar kroner før renter og skatt, det største sidan finanskrisa (sjå tabell). I Høyanger enda året på minus 11 millionar.

– Me opplever noko lågare produksjonsvolum i siste kvartal, det er skulda ein svekka marknad i Europa, i tillegg til låge metallprisar. Dette er ein realitet som me ser inn i 2020 óg, seier fabrikksjef Wenche Eldegard i ei pressemelding.

Resultat Årdal Metallverk

  • 2009: -478 millionar
  • 2010: 115 millionar
  • 2011: 384 millionar
  • 2012: -9 millionar
  • 2013: 7 millionar
  • 2014: 260 millionar
  • 2015: 420 millionar
  • 2016: 305 millionar
  • 2017: 659 millionar
  • 2018: 187 millionar
  • 2019: -102 millionar

Til gjengjeld leverte begge metallverka i Sogn positive resultat i siste kvartal. I Årdal var overskotet på 64 millionar på tampen av året.

– Det er mykje grunna god og stabil kvalitet på alumina, samt lågare kostnad på denne viktige råvara, seier Eldegard, og viser til at råvareproduksjonen i Brasil endeleg er tilbake til normalen.

Svakare etterspurnad og prisar i Høyanger

I Høyanger gjekk dei óg i pluss dei siste tre månadane i 2019, men berre så vidt, med fire millionar. 

– Aluminiumsmarknaden har vore tøff gjennom heile 2019, og i siste del av fjerde kvartal fall rundt 30 prosent av ordrane til Hydro Høyanger, spesielt frå bilindustrien. Dette er igjen skulda av at våre kundar opplever reduksjon i sine ordrar, slik at dette får ein dominoeffekt, seier den nye fabrikksjefen Arne-Martin Kjærland i pressemeldinga.

Han seier at tøffe tider vil kreva stadig betring både av drifta og andre tilhøve verksemda rår over. Fabrikksjefen er samstundes trygg på at Hydro i Høyanger har dyktige folk som kan ta den utfordringa.

– Det er diverre lite me får gjort med den globale marknaden, sier Kjærland.

Produksjonsrekord i Årdal

I tillegg til eit oppløftande fjerdekvartal, kunne dei i Årdal gleda seg over produksjonsrekordar, både i elektrolyseproduksjonen og anodeproduksjonen. Fabrikksjefen er glad for at satsinga på å forbetra omnane på karbonfabrikken og straumoppkøyringa i elektrolysen har gitt resultat.

– Begge har no levert årsproduksjon på over 200 000 tonn. Det er ein milepåle for metallverket, seier Eldegard i pressemeldinga.

Valseblokk-støyperiet gjekk over til ny teknologi, noko som óg opnar opp nye usikter.

– Endring i produktmiks mot bilindustrien held fram, og me jobbar framleis med kvalifisering av nye produkt. Her har organisasjonen gjort ein kjempejobb i ei krevande omstilling, sier Eldegard.

Til toppen