Sogndal - Viking TIF 2 22 - 33
- Nå er vi i tredjedivisjon og det er ein heilt anna liga enn det vi har møtt tidlegare. Så holder vi det til pause og vi gjer ein forbanna god jobb, seier assistenttrenar Ole Kristian Gjerdstad.
Til pause var stillinga 10 -11 i favør Viking. Sogndal hadde leia tidleg i kampen, men etter at halve omgangen var spelt tok Viking over.
Det var mange store sjansar til begge laga, og Sogndal kunne takke målvakten Knut Adolfsson for at Viking ikkje leia meir etter at han stoppa to straffe i første omgangen.
Tøff motstand
Etter eit fantastisk sesong i fjor spelar Sogndal nå i tredjedivisjonen. - Det er veldig stor forskjell mellom tredje og fjerdedivisjon. Det er tøff motstand og her er kampar som er kjekt å sjå på for publikum, seier Gjerdstad.

TIMEOUT: Gjerdstad gir siste beskjeden før laget går tilbake på bana. (Foto: Youri van der Werve
- Vi har snakka om at vi iallefall skal holde plassen. Vi ønskjer å komme på øvre halvdel av tabellen, men vi har jo blitt litt reduserte, så vi må sjå litt nå.
Motstandar dominerte
10 minutt inn i andre omgang kom Sogndal heilt tilbake igjen i kampen, ved å få 17 - 17 på tavla, men etter det var det motstandaren som dominerte.
Heile 11 målsforskjell blei det då laga hadde spelt 60 minutt og Sogndal måtte ta takke med tap i den første kampen i tredjedivisjonen på lenge.

Tomme for energi
- Vi var desverre sterkt redusert i dag av forskjellige årsaker at dei enkelt drar i frå mot slutten. Eit resultat med 11 mål bak er vel fordi vi er tomme for energi og dei fortsetter å gå på, då har ikkej vi noko meir å komme med, forklarer Gjerdstad.
- Vi har mykje bra å jobbe vidare med, så må vi berre få litt meir kondis i guttane for at det skal holde heile kampen.