NEDERLAG: Fjøra tapte 1-2 mot Strømsgodset 2. (Foto: arkiv)
NEDERLAG: Fjøra tapte 1-2 mot Strømsgodset 2. (Foto: arkiv) (Foto: Arkiv)

Fjøra tapte mot Strømsgodset 2 – framleis i fare for nedrykk

Nok eit nederlag for Fjøra i Sogndal.

Sogndal: Fjøra spelte laurdag heimekamp mot Strømsgodset 2. Heimelaget slapp inn allereie etter ti minutt, når Andreas Rosendahl Nyhagen skårar 1-0 etter eit frispark.

Etter 36 minutt utliknar Fjøra med Morten Knutsen til 1-1, ei stilling som held seg til pause.

Det ser lenge bra ut for Fjøra, som vil revansjere rekordtapet 12-1 mot Stord frå forrige kamp. Men fire minutt før full tid, kjem Strømsgodset 2 fri på høgresida og skårar. Kampen endar med 1-2 siger til bortelaget. Dermed ligg Fjøra framleis på nedrykksplass etter nesten halvspelt sesong.

– Den korte kommentaren er vel at vi er fornøyd med kampen bortsett fra resultatet.
Vi gjør en mye mye bedre prestasjon enn forrige helg. I dag var vi vanskelige å spille mot tror jeg, med høy intensitet og mye bevegelse. Surt at vi ikke får med oss poeng når jeg mener vi sjansemessig er best, og vi kunne fått både 1 og 3 poeng. Prestere vi på dette nivået kamp etter kamp så må det poeng av det, seier Jens-Ivar Nilsen, Fjøra-trenar  

I førre veke annonserte Fjøra gladnyheita om at Steffen Olsen er tilbake att i klubben. Han var med då Fjøra valsa gjennom kretsligaen i 2018. Trenaren meinte at laget kunne ta poeng allereie denne helga:

– Me har hatt nokre gode økter etter fadesen mot Stord. Men me må kanskje ha eit par treningsveker til, slik me har no, før me ser dei beste resultata, men eg meiner me er gode nok for poeng allereie i helga, sa Jens-Ivar Nilsen til Porten.no før kampen. 

Til toppen