TØFFING: Tiago Mendes er opphavleg frå Portugal, men har budd dei siste 5-6 åra i Sogndal. For to år sidan starta han Sogn Martial Arts, den einaste klubben som driv med thaiboksing i Sogn og Fjordane. I helga tok han andreplass i NM. Foto: privat.
TØFFING: Tiago Mendes er opphavleg frå Portugal, men har budd dei siste 5-6 åra i Sogndal. For to år sidan starta han Sogn Martial Arts, den einaste klubben som driv med thaiboksing i Sogn og Fjordane. I helga tok han andreplass i NM. Foto: privat.

Tapte finalen etter «feildømming» – klagen førte ikkje fram

Verdsmeistaren greidde ikkje å ta heim NM-tittelen.

Sogndal: Tiago Mendes frå Sogndal tapte i helga NM-finalen i thaiboksing. Etter kampen la han inn protest mot det han meinte var partisk dømming.

– Eg og alle som var der såg at eg vann den kampen i alle tre rundar. Han eg kjempa mot hadde dommaren si side. Det er synd og trist, for det er masse trening og tid som ligg bak for å få det beltet heim, seier Mendes.

Les også: Boksecup med splitter ny boksering

At klagen skulle føre fram hadde han ikkje store trua på då vi snakka med han på telefon tidlegare i dag.

– Eg trur ikkje det hjelper, for å vere ærleg. Men vi har i allefall gjort det, seier Mendes.

Sahid Rasool, leiar for Norges Muay Thai-foreining, meiner påstandane om feildømming er grunnlause.

– Under stemne eller meisterskap sit det alltid tre poengdommarar uavhengig av kvarandre og frå tre forskjellige klubbar. Etter tre rundar kom dommarane til uavgjort resultat. Etter ekstrarunden vart dommarscoren 2-1, det betydde at Tiago tapte på poeng, skriv Rasool på e-post til Porten.no

Der fortel han òg at klagen vart behandla av tre dommarar som òg var til stades under kampen, men som fekk sjå kampen på nytt på video. Dei kom til same resultat. 

– Klagen er ferdig handsama og saken er avslutta hos Norges Thaiboksing Forbund, seier han.

Til toppen