Lærdal: – Eg spelar damefotball på Hafslo og sjølv om eg byrjar å bli ei vaksen dame på 37 år er vinnarinntinktet større enn nokon gong. Lærdal er eit veldig kjekt lag å møta og dei har gått sigrande ut av kampane dei siste åra. No hadde eg kjempelyst på siger, og eg trudde også på det.
Så stor var trua at ho inngjekk eit veddemål av den spenstige sorten; at ho skulle bada i den vesle fontena utanfor rådhuset i Lærdal dersom Hafslo tapte mot lærdølene.
– Så tapte me jammen 4-0. Sjølvtilliten er visst mykje betre enn sjølvinnsikten, seier ho.
Trur kanskje veddemålet slo feil ut
Kvam er leiar ved Sogn lokalmedisinske senter og det var med eit par av kollegaene sine ho inngjekk veddemålet.
– Nokre av dei som spelar på Lærdal jobbar på LMS, så det er litt kniving internt, seier ho.
– Du tenkte kanskje at du sjølv ville yta enno litt ekstra i fotballkampen ved å inngå eit såpass spenstig veddemål?
– Eller at det kanskje verka motsett så Lærdal fekk ekstra energi denne kampen.
Mannen letta då han såg Kvam hadde på seg badeklede
Men Kvam held sine ord; ho bada i fontena etter at det tapte veddemålet var eit faktum – og det i fleire minuttar
– Eg kom meg kjapt oppatt då turistar byrja å gå rundt i vegen rett ved sidan av.
– Korleis var vatnet?
– Iskaldt, men eg er vand til å bada i Hafslovatnet.
Symjetak tillet derimot ikkje fontena utanfor rådhuset
– Det var mykje stein og eg har for stor rumpe til at eg fekk heile kroppen under. Mannen min var livredd for at eg skulle finna på å bada naken, så han vart veldig glad då han såg eg hadde på meg badeklede under stuntet.
– No skal det bli ei stund til neste påfunn, humrar ho.