TAP: Johnny Aspeseter Hagen hadde ein farleg sjanse for Årdal FK i 1. omgang, men verken han eller nokon av dei andre årdølene klarde å putta mot Stryn. Derimot vart det tre nettkjenningar for heimelaget og serieleiaren. Arkivfoto
TAP: Johnny Aspeseter Hagen hadde ein farleg sjanse for Årdal FK i 1. omgang, men verken han eller nokon av dei andre årdølene klarde å putta mot Stryn. Derimot vart det tre nettkjenningar for heimelaget og serieleiaren. Arkivfoto

Tapte klart mot serieleiaren, men vart ikkje overkøyrde

– Me er fullt på høgde med Stryn, men scorar ikkje på sjansane våre, seier Årdal-trenar Ivan Øy.

Stryn – Årdal 3-0

Stryn: Utgangspunktet for kampen var at årdølene hadde alt å vinna; Stryn leia serien à poeng med Vik, men på betre målskilnad. Stryningane gjekk gjennom dei sju første kampane av årets kretsliga med sju strake sigrar. 

Men så har det butta imot dei tre siste rundane; to uavgjorte og så 2-1-tap borte mot Sogndal 2 førre runde.

For årdølene har utviklinga i dei ti første serierundane vore stikk motsett. Det halta voldsamt innleiingsvis og etter fem serierundar stod Årdal FK att med berre ein siger og to uavgjorte. Deretter har det vorte fire sigrar av fem moglege. Status før kampen var såleis 18 poeng og fjerdeplass for årdølene; med siger ville dei vera berre to poeng bak motstandar og serieleiar Stryn

– Kjem veldig godt i gang

Likevel måtte Stryn finna seg i å vera klar favoritt til fredagens oppgjer på Stryn stadion. Dei klarde også å leva opp til favorittstempelet; etter ein halvtime utan mange eller store sjansar til nokon av laga ekspederte Vegard Hopland eit frispark i mål for heimelaget.

– Me kjem eigenleg veldig godt i gang og spelar ein god første omgang, men scorar ikkje på sjansane våre. Det gjer derimot Stryn på ein dødball, er trenar Øy sin kortfatta analyse.

Kampen heldt fram i same tralten, og tjue minuttar uti 2. omgang dobla stryningane ved Rasmus Skåre Tjellaug.

– Gjer det vanskelegare for oss i dag

Derifrå og inn skapte Stryn det meste, og i den grad det var att spenning siste fjerdedel av kampen, punkterte Vegard Hopland alt håp for årdølene knappe ti minuttar før slutt då han sette inn 3-0 for vertane. 

– Me set bra preg på kampen og skapar også ein del sjansar i andre omgang, men er ikkje effektive nok. Det er derimot Stryn, som scorar på to flotte langskot. Me er fullt på høgde med dei.

No er det sommarferie til 4.august, og Øy har ikkje gitt opp kampen om å vinna Kretsligaen.

– Me gjorde det vanskelegare for oss med tap i dag – det blir ein tøffare haustsesong enn om me hadde vunne her. Men me må bretta opp ermene. Ambisjonen er å kjempa i toppen og om førsteplassen, det har eg sagt heile tida. Me gir oss ikkje på det før me eventuelt gjera det.

 

Til toppen