TAP: Sogndal tok tidleg leiinga heime Aalesund, men topplaget snudde kampen etter sidebytte..
TAP: Sogndal tok tidleg leiinga heime Aalesund, men topplaget snudde kampen etter sidebytte.. (Foto: Youri van der Werve / Arkiv)

Tapte mot serieleiaren

Det starta bra for Sogndal i laurdagens heimekamp mot Aalesund, men topplaget slo tilbake etter kvilen.

Sogndal fekk ein draumestart på kampen allereie etter ti minutt. Backen Tomas Totland skåra 1-0, etter flott forarbeid av Sixten Jensen. 

Aalesund var farleg frampå eit par gonger ved angriparen Niklas Castro, men han blei hindra av nettveggen, og Sogndal-målvakt Mathias Dyngeland. Dermed gjekk Sogndal til pause med leiinga 1-0, etter ein sjansefattig omgang. 

Etter kvilen tok Aalesund meir over, og utlikna rett etter sidebytte ved Daniel Gretarsson. Målet kom etter eit hjørnespark, der islendingen stod rett plassert, og hamra ballen opp i nettaket frå kort avstand. 

Etter utlikninga var Sogndal farleg frampå, både ved Steffen Ernemann, og Ulrik Flo, men ingen av dei klarte å få ballen i mål. I staden for jubel på Fosshaugane Campus, skåra bortelaget omlag 20 minutt før slutt. Islendingen, Aron Thrandarson, heada inn 1-2, mellom føttene på keeper Dyngeland. 

Seks minutt før ordinær tid, kom Aalesund-angriparen Pape Habib Gueye åleine med keeper Dyngeland, og skåra 1-3 for tangotrøyene. Fem minutt på overtid reduserte Akor Adams for Sogndal, men det blei for lite for seint for heimelaget, som dermed gjekk på sitt sjuande tap for sesongen. 

Til toppen