TAP: Kaupanger tapte 0-1 mot Arna-Bjørnar 2.
TAP: Kaupanger tapte 0-1 mot Arna-Bjørnar 2. (Bilde: Øyvind Nondal)

Tapte tredje kamp på rad

Det vart nytt tap for Kaupanger-damene etter møtet med Arna-Bjørnar 2.

Sogndal: Etter 0-1 tapet mot Arna-Bjørnar 2 har Kaupanger tapt to heimekampar på rad og ein bortekamp. 

Trenar Øystein Lindesteg Rinde seier til Porten.no at det er frustrerande å gå på nok eit tap. Vi tapte mot eit mykje svakare lag som ligg på nest siste plass. Då er det litt surt å ikkje få det til, seier Rinde.

Neste kamp er mot Førde onsdag. Vi håpar og vinne den kampen slik at vi får byggje opp att inntrykket. Kaupanger leiar fortsatt tabellen, men vi må vinna skal ein halda førsteplassen, avslutta Rinde.

Møtte eitt av dei beste laga i NM-cup

Sogndal J16 møtte Vålerenga i NM J16 Telenor-Cup på heimebana.
Sogndal J16 møtte Vålerenga i NM J16 Telenor-Cup på heimebana. Foto: Øyvind Nondal

Sogndal J16 møtte Vålerenga i NM J16 Telenor-Cup på heimebana, Fosshaugane Campus. Til 0-9 tapet seier Jan Rune Årøy til Porten.no at dei møtte eit av dei beste laga, og at det er stor klasseforskjell. Vålerenga har to-tre landslagspelarar.

Det var likevel ei kjekk oppleving for dei som spelar, avslutta Årøy.

Til toppen