TAPTE VEDDEMÅL: Han smiler no, men det spørs om Roy Olsen (t.h.) er like munter etter å ha løpt Øvre Årdal-Turtagrø tur-retur. Det hjelper iallfall veldig på humøret at han får med seg ein god kompis på turen i Kjartan Smedegård.
TAPTE VEDDEMÅL: Han smiler no, men det spørs om Roy Olsen (t.h.) er like munter etter å ha løpt Øvre Årdal-Turtagrø tur-retur. Det hjelper iallfall veldig på humøret at han får med seg ein god kompis på turen i Kjartan Smedegård. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Tapte veddemål – no må Roy betala: – Skal leggja kjeften på hylla

Roy Olsen er mildt sagt glad for at Usain Bolt har lagt skoa på hylla. No skal årdølen gjera det same med kjeften.

Øvre Årdal: I skrivande stund er Olsen på veg oppover svingane i Fardalen. Årsak? Han tapte eit veddemål som innebar Bolt – for andre gong.

– Er du stor i kjeften, Roy?

– Ja, eg er vel det. No skal eg slutta å vera så stor i kjeften. No skal eg leggja kjeften på hylla no når Bolt har lagt skoa på hylla, smiler han.

Satsa på Bolt

Første gongen Olsen måtte svi for å vera litt breial var i 2011. Då lovde han at viss Bolt ikkje vann 100-meteren, så skulle han jogga til Fodnes og tilbake. Det gjorde han.

– Denne gongen var det eigentleg ikkje eit veddemål. Eg fekk ein snap frå Lena Nyheim som lurte på om det var veddemål på gong. Eg skreiv på tull «Turtagrø tur/retur», og så tok ho eit skjermbilete av det då. Det var det.

Får med seg ein kompis

Og laurdag morgon står han i Øvstetun saman med kompis Kjartan Smedegård, som definitivt bør få ein liten premie for at han seier seg villig til å halde Olsen med selskap på den lange fjellturen over Tindevegen.

– Du kunne jo berre ha feiga ut og sagt nei?

– Jo, men ein må jo utfordra kroppen litt, og så må me få trent opp han Kjartan til neste sesong. Hehe. Nei, det er heilt topp at han er med. Det gjer det litt lettare å vera to, ha nokon å snakka med og tulla med når det byrjar å gjera vondt, seier Olsen.

Har trua

Årdølen driv aktivt med motbakkeløp og deltok seinast sist held på Fanaråken Opp. Med andre ord har han vore oppover Fardalsvingane på treningstur før.

– Men kor langt sprang du då?

– Litt forbi skihytta, ler han.

– 8,5 kilometer. No skal me springa 32 kilometer til Turtagrø og 32 kilometer tilbake. Men me får berre prøva. Eg har trua, elles hadde me ikkje gidda å prøva.

Til toppen