SNØSKREDTÅRN: Før vinteren skal det setjast opp 13 snøskredtårn ved fylkesveg 53 på Tyin. Biletet blei tatt under prøveprosjektet som blei gjennomført mellom 2010 og 2012. Foto: Wyssen Norge AS.
SNØSKREDTÅRN: Før vinteren skal det setjast opp 13 snøskredtårn ved fylkesveg 53 på Tyin. Biletet blei tatt under prøveprosjektet som blei gjennomført mellom 2010 og 2012. Foto: Wyssen Norge AS.

Tar i bruk nytt system for skredsikring i vinter

Frå og med denne vinteren blir eit nytt system for førebyggjande snøskredkontroll teken i bruk på fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal.

Årdal: I alt 13 tårn skal byggjast opp for å kunne utløyse kontrollerte snøskred på ein rasutsett del av vegen, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Det er Wyssen Norge AS som skal montere mastene i området ved Stølsnøse på Oppland-sida av fylkesgrensa. Arbeidet med å støype fundament til mastene startar i sommar, medan sjølve monteringa vil skje til hausten. 

Tårna skal brukast til å utløysa kontrollerte snøskred ved hjelp av sprengstoff, medan vegen er stengt for trafikk. Dette er første gong førebyggjande snøskredutløysing vert teken i bruk som permanent sikringsmetode på ein veg i Noreg.

Sjå video av korleis dette fungerer i videovindauget nedst i artikkelen.

Reduserer faren for ukontrollerte snøskred

Wyssen Norge er eit dotterselskap av eit sveitsisk firma med brei erfaring innanfor dette området i Sveits og Austerrike. Vegvesenet har også hatt prøveprosjekt for å testa metoden under norske forhold.

– Systemet fungerer slik at snøfonner som etter kvart kan løsne og bli til eit skred blir sett i rørsle på eit planlagt tidspunkt, seier byggjeleiar Edvin Rye i Statens vegvesen. 

Artikkelen held fram under biletet.

Illustrasjon: Wyssen Norge AS.
Illustrasjon: Wyssen Norge AS.

– Dermed vert faren for ukontrollerte snøskred redusert. Me håpar at dette førebyggjande tiltaket vil auka trafikktryggleiken og føreseielegheita for trafikantane som nyttar fylkesveg 53 om vinteren.

Strenge tryggleiksrutinar

I Sveits og Austerrike finst om lag 300 slike tårn som sikrar vegar, jernbane, bygningar og skianlegg. Kvart tårn inneheld tolv sprengladningar.

– Når forholda tilseier at dette er naudsynt, vert ei av landingane slept ned og utløyst i lufta like over snøen. Sprengladninga skapar ei trykkbølgje som set snømassane i rørsle. Ladninga blir utløyst ved hjelp av koda signalar og kan dermed fjernstyrast, forklarar dagleg leiar Stian Langeland i Wyssen Norge AS.

Artikkelen held fram under biletet.

13 TÅRN: 13 slike tårn som ein kan sjå på biletet skal plasserast i fjellsida.
13 TÅRN: 13 slike tårn som ein kan sjå på biletet skal plasserast i fjellsida.

Kvart enkelt tårn vert overvåka kontinuerleg via system og sjølvforsynt med straum gjennom solcellepanel og vindgenerator. Difor er det ikkje naudsynt med kablar i naturen inn til tårna, som blir plassert i sidebratt terreng høgt over sjølve fylkesvegen. 

– Det er strenge tryggleiksrutinar for handtering av sprengstoffet og utløysinga av ladningane, seier Langeland.

– Overvakinga av området sikrar at ikkje menneske eller dyr kjem til skade når skreda vert utløyst.

Til toppen