AVVISER KLAGER: Høgskulen i Sogn og Fjordane mottok fleire klager då 164 studentar fekk tilbod om studieplass ved ein feil. No har klagenemnda kome fram til at klagene ikkje vert tekne til følgje. Foto: Ole Ramshus Sælthun.
AVVISER KLAGER: Høgskulen i Sogn og Fjordane mottok fleire klager då 164 studentar fekk tilbod om studieplass ved ein feil. No har klagenemnda kome fram til at klagene ikkje vert tekne til følgje. Foto: Ole Ramshus Sælthun.

Tar ikkje omsyn til klager etter tastefeil

Då 164 søkjarar fekk tilbod om studieplass ved ein feil, kom det klager frå fleire av søkjarane.

Sogndal: Feilen skjedde då Høgskulen i Sogn og Fjordane ved ein tastefeil merka av for at eit studium skulle leggjast ut på «Ledige studieplassar» på Samordna opptak. 

Feilen vart korrigert med det same, men det høgskulen ikkje var klar over då, var at ventelistene vart tømde ved neste suppleringsopptak, som i dette tilfellet var 30. juli.

– Alt vart snudd opp ned på laurdag. Med tanke på oppseiingstid sa eg opp jobben søndag, sidan måndag var første august, fortalte Eli-Therese Lund (30) frå Bergen, som sjølv jobbar som studierettleiar og karriererådgjevar. Ho hadde dessutan skaffa seg ei leilegheit ho skulle leige med to andre i Sogndal.

Det var VG som omtalte saka først.

Samordna opptak melder at høgskulen ikkje var gjort kjend med at ein skal varsle ved slike feil og at høgskulen heller ikkje fekk noko varsel som gjorde at feilen kunne vore oppdaga umiddelbart. 

Dei 164 som fekk tilbod, fekk raskt ein e-post med informasjon om at tilbodet var trekt tilbake. No har klagenemnda ved høgskulen handsame klagene og kome fram til at desse ikkje vert tekne til følgje.

«Klagenemnda trekkjer fram at det er på det reine at det ikkje er gjort noko vedtak om tildeling av studieplass til klagarane gjennom organet som har kompetanse til å gjera vedtak, opptakskontoret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Brev om tildeling er sende ut av Samordna opptak etter ein systemfeil i eit elektronisk system, då ein tilsett ved høgskulen gjorde eit feil tastetrykk.»

«Sjølv om meldinga med tilbod om studieplass kan ha sett ekte ut for klagarane, legg klagenemnda prinsipalt til grunn at det ikkje er gjort vedtak om tildeling av studieplass, når det ikkje er gjort vedtak ved rett organ. Meldinga med tilbod om studieplass må rettsleg reknast som ein nullitet, som ikkje gjev nokon rett til studieplass. Slik sett må underrettinga frå høgskulen om tilbaketrekking av tilbod, reknast som ei konstatering av at det ikkje er gjort vedtak med tilbod om studieplass.»

Til toppen