KJENNING PÅ SCENA: Tarjei Øyvindsson Hamre har stått foran UKM-juryen mange gangar, men dette kan ha vore siste året han deltok.
KJENNING PÅ SCENA: Tarjei Øyvindsson Hamre har stått foran UKM-juryen mange gangar, men dette kan ha vore siste året han deltok. (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)

Tarjei er UKM-veteran, men dette var siste gong han gjekk på scena: – Eg vil verkeleg til landsmønstringa att

I ein gymsal i Leikanger er unge talent samla for å både støtte kvarandre og kappast. 

Leikanger: – Eg var grådig nervøs, men vart nøgd med korleis eg gjorde det på scena.

Sundag var det kulturmønstring for ungdom på Leikanger att. Ung Kultur Møtast vert arrangert kvart år og samlar dei beste musikalske og kunsteriske unge talenta til tevling. I år som i fjor var Tarjei Øyvindsson Hamre å sjå scena med mikrofonen i handa.

Hamre er noko me sikkert kan kalla ein UKM-veteran. Han har vore med på konkurransen i seks år, og har vore på både fylkes- og landsmønstring fleire gongar.

Men no byrjar det nærme seg slutten for UKM-karriera hans – Hamre vert rett og slett for gamal.

FULL TRIBUNE: Saften på Leikanger var heilt full av foreldre, vener og andre som ville sjå dans, song og spel. Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Siste gongen

Ung Kultur Møtast, det som tidlegare var Ungdommens Kulturmønstring, er nemleg ei tevling for ungdomar frå kring ti år til tjue år. Hamre fyller tjue i år, og kan difor ikkje delta meir, med mindre han er i ei gruppe med fleire som er under hans alder.

– Eg trur dette var siste gongen, so eg håpar det går bra. Eg vil verkeleg til landsmønstringa att, seier Hamre.

 

Hamre var på landsmønstringa i 2016 med eit anna songinnslag.

– Det tykte eg var kjempekjekt, so eg vil gjerne attende dit, seier Hamre.

FRAM MED KLASSIKARANE: Bandet Municipality spelte klassikaren "Final countdown" av Europe. Publikum heiv seg raskt med og klappa takta. Foto: Josef Benoni Ness Tveit

 

Godt oppmøte

Heile tribuna i Saften var full då ungdomane synte fram talenta sine. Publikum var entusiastiske for å sjå alt frå band som spelte klassikarar til vakkert pianospel og tøff dansing. Applausen sat laust på Leikanger denne sundagen.

IKKJE GLØYM KUNSTEN: Som alltid i UKM var kunsten også viktig i år. Deltakarane stilte opp med alt frå skulpturar til fotografi og henna, ei kunstform der ein målar mønster på hendene. Foto: Josef Benoni Ness Tveit
Til toppen