Tårnagentar utforska Hauge kyrkje

Høgt, høgt oppe i kyrkjetårnet viser kyrkjetenar Håkon Li dei tunge, gamle og litt skumle kyrkjeklokkene i Hauge kyrkje.

Lærdal: Dette var noko tårnagentane som var i kyrkja tidleg søndag morgon skulle utforska. 

Dei femten 7- og 8-åringane møtte spente opp denne dagen, men då dei kom fekk dei ei fin forklaring på kva som skulle foregå. Dei skulle vera med på førebuingane, samt læra å gå inn i prosesjon til gudstenesta litt seinare på dagen, der det til og med skulle vera dåp av to babyar. 

Men før den tid skulle kyrkja utforskast, både i og utanfor. God hjelp fekk dei av seks komande konfirmantar, som stilte opp frivillig. 

Ikkje redde

Tårnagentane vart delt inn i tre grupper, der den eine skulle utforska kyrkjegarden, den eine alterringen og den siste klokketårnet. 

– Eg vil fyrst opp i tårnet, var det fleire agentar som utbraut der dei stod i kø for å koma opp den bratte trappa opp tårnet. Det var tydeleg at ingen lot seg skremma.

– Eg er ikkje redd, sa Signe Grøttebø då ho nærma seg toppen. 

Vel oppe fekk dei beskjed om å ta i øyreproppar av kyrkjetenaren, som drog i eit tau og kraftig klokkeklang fulgte.

Set spor etter seg

– Eg tør ikkje heilt opp, var det ein av agentane som sa. Ho var redd for den kraftige lyden.

Som tårnagent får borna lære at dei kan gjera ein skilnad og kan endre på ting der dei bur.

Søndag var det gudsteneste med tårnagentar i fokus. Absolutt  alle på jobb blir utfordra til å bli meir bevisst på kva spor ein sjølv lagar rundt seg.

Til toppen