IKKJE NØGD: Jan Geir Solheim har klaga konkurrenten Aurland Taxi inn til fylkeskommunen.
IKKJE NØGD: Jan Geir Solheim har klaga konkurrenten Aurland Taxi inn til fylkeskommunen. (Bilde: Jan Christian Jerving)

Taxi-konflikt i Lærdal: Ex-ordførar meiner konkurrenten driv med ulovleg marknadsføring

Jan Geir Solheim i Solheim Taxi er ikkje nøgd med at konkurrenten i Aurland yppar seg på bortebane.

Lærdal: Solheim Taxi i Lærdal har klaga Aurland Taxi inn til fylkeskommunen for ulovleg marknadsføring. Det skriv Sogn Avis torsdag.

– Høgst sannsynleg blir det ikkje siste klagesaka frå meg. Det er her eg har valt å byrja, for det er så klart og tydeleg, seier Solheim til Porten.no.

Rock: – Ingen kommentar

På Porten.no søndag fortalde Benjamin Rock i Aurland Taxi om den nye satsinga i Lærdal. Etter å ha vunne konkurransen om å køyra pasientar for Helse Førde i kommunen, ønskjer Rock óg å etablera kontor der og ta på seg andre oppdrag.

Både på Facebook og i opplysingsstenesta 1881 opererer Rock under merkenamnet Lærdal Taxi.

– Han får folk til å tru at han har løyve til å driva all slags transport i Lærdal, men det har han ikkje. Viss du ikkje har drosjeløyve, men marknadsfører deg som om du har det, så meiner eg det ikkje er greitt, seier Solheim.

Til Porten.no vil ikkje Rock seia korleis han stiller til seg til kritikken. 

– Eg har ingen kommentar til det, seier Rock.

Til toppen