UTAN TAP: Team Sogndal G13 kom seg gjennom dei fire kampane i eliteturneringa i Trondheim utan å tape ein einaste kamp. Foto: Team Sogndal.
UTAN TAP: Team Sogndal G13 kom seg gjennom dei fire kampane i eliteturneringa i Trondheim utan å tape ein einaste kamp. Foto: Team Sogndal.

Team Sogndal imponerte på eliteturneringar i helga

G13-laget til Team Sogndal utan tap mot Molde, Viking, Aalesund og Bodø/Glimt.

Sogndal: Team Sogndal G13 og G15 har i helga delteke på eliteturneringar i Trondheim og Oslo. 

G13-laget gjekk gjennom turneringa i Trondheim utan tap. Dei fire kampane enda med følgjande resultat: 3-2 mot Molde (Erik Flataker, Martin Sætre og Johan Bakke), 3-2 mot Viking (Daniel Birkeland x 3), 1-1 mot Bodø/Glimt (Daniel Birkeland) og 2-1 mot Aalesund (Daniel Birkeland og Elias Moen).

 Me er godt fornøgde med helga, spesielt med innsatsen, trykket og intensiteten som dei greier å spela med. Der er me ein del betre enn dei andre. Så kan me bli litt flinkare med ball, seier Morten Olsen, trenar for G13.

Les også: Sterk prestasjon av Team Sogndal G14
Les også: Mange unge håpefulle uttekne til turnering

Frå G13-laget var følgjande spelarar med frå Sogn: Johan Bakke (Sogndal), Henrik Kongelf (Sogndal), Marius Ylvisåker (Sogndal), Ole Thue (Balestrand), Alexander Slinde (Syril), Elias Moen (Jotun) og  Daniel Aven (Høyang).

G15-laget fekk det hakket tøffare, men tok likevel heim eit par gode resultat. På fire kampar vart det to sigrar og to tap: 0-2 mot Viking, 1-0 mot Vålerenga (Kristian Bell), 2-0 mot Sarpsborg 08 (Thomas Hallstensen og Jonas Torvanger) og 0-2 mot Haugesund.

– På det beste var me veldig gode, det var mange som viste gode ferdigheiter. For laget sin del var prestasjonen litt opp og ned, men at me slo Vålerenga, som vann gruppa vår, på deira heimebane, viser at me har eit godt toppnivå. Me får gode svar på korleis me ligg an samanlikna med spelarar i andre fylke og i andre klubbar. Det er difor me reiser på desse turneringane, seier Marius Torstrup Kloster, trenar for G15-laget.

Frå G15-laget var følgjande spelarar med frå Sogn: Jonas Torvanger (Sogndal), Mathias Sundberg (Sogndal), Sivert Mannsverk (Jotun/Sogndal), Gard Grinde (Syril), Vegard Halseth (Vik), Per Michael Thune (Hafslo) og Bernard Breidvik (Høyang).

Til toppen